Pressemelding , 05.10.2010

Statsbudsjettet 2011

137,8 millionar kroner til regional utvikling i Finnmark

Tilskotet til regional utvikling i Finnmark skal aukast frå 134,3 millionar kroner i 2010 til 137,8 millionar kroner i 2011.

I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.

- Me jobbar for verdiskaping, arbeidsplassar, velferd og gode lokalsamfunn der folk bur. Fylkeskommunane er den sentrale pådrivaren i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
 
- Regjeringa vil leggje betre til rette for at folk skal kunne starte opp nye bedrifter eller vidareutvikle eksisterande bedrifter. Derfor styrkjer me dei kommunale næringsfonda med 50 millionar kroner i 2011, til 225 millionar kroner, seier Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Finnmark er 19,1 millionar kroner sett av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

Lenkje

Tilleggsinformasjon

  • 5,3 millionar kroner av løyvinga til Finnmark fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
  • Etter årsskiftet vil fylket òg få midlar til utbygging av breiband og anna infrastruktur. I 2010 fekk Finnmark på 9,7 millionar kroner til dette.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.