Røysterett og manntal ved sametingsvalet

Desse har røysterett ved sametingsvalet:

Samar som er norske statsborgarar, og som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
  • står innførte i Sametingets valmanntal på valdagen og som
  • ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53.

Samar som er tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira, har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrerte som busatte i Noreg, skal dei førast inn i Sametingets valmanntal i Oslo kommune.

Svenske og finske samar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg pr. 30. juni i valåret, og som
  • står innførte i Sametingets valmanntal på valdagen

Samar som ikkje er nordiske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, og som
  • står innførte i Sametingets valmanntal på valdagen

Utanlandske samar som melder flytting ut av Noreg før valdagen, mistar røysteretten. 

 

Er du innført i Sametingets valmanntal?

 

Samar busette i Noreg:
Samar som var innførte i Sametingets valmanntal ved valet i 2001 eller 2005, og som er registrerte som busette i Noreg, blir automatisk førte inn i Sametingets valmanntal i den kommunen dei var registrerte som busette pr. 30. juni 2009. Samar som flytta til ein annan kommune etter 30. juni 2009, blir registrerte i Sametingets valmanntal i den kommunen dei flytta frå. 

For samar som er busette i Noreg, men som ikkje var innførte i Sametingets valmanntal ved valet i 2001 og 2005, er fristen for å søkje om innføring i Sametingets valmanntal 30. juni 2009. Søknaden skal sendast til Sametinget.

Samar busette i utlandet:
Utanlandsboande samar, som er norske statsborgarar, og som stod innførte i Sametingets valmanntal ved valget i 2001 eller 2005, blir automatisk førte inn i Sametingets valmanntal i den kommunen dei sist var folkeregistrert som busette.

Utenlandsboende samer, som er norske statsborgarar, og som ikkje stod innførte i Sametingets valmanntal ved valet i 2001 eller 2005, må søkje om innføring. Søknad om innføring i Sametingets valmanntal skal sendast Sametinget og må ha kome fram innan valdagen 14. september kl. 21. Søknaden kan skrivast på eige skjema, som veljar kan få hjå røystemottakaren når veljar røystar i utlandet, eller veljar kan skrive eit eige brev. Søknaden skal innehalde ei erklæring om at veljaren oppfattar seg sjøv som same og at veljaren anten har samisk som heimespråk, eller har, eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at veljeren er barn av person som står eller har stått i Sametingets valmanntal. Namn til veljar, adresse og fødselsnummer (11 siffer) skal førast opp. Dersom veljaren ikkje har vore registrert som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste ti åra før valdagen, skal søknaden innehalde forsikring om  at veljaren er norsk statsborgar.

Sametingets adresse:

Sámediggi - Sametinget
Ávjovárgeaidnu 50
9730  Karasjok/Kárášjohka
 

Val