Ansvarsområde

Kunnskapsdepartementet (KD) har ansvaret for samfunnssektorar som er viktige for at vi skal vekse og utvikle oss – både som enkeltmenneske og samfunn. Barnehagar, utdanningsinstitusjonane og forskingsmiljøa har også viktige roller som kulturbærarar og kulturformidlarar. Utvikling, endring og omstilling må gå hand i hand med bevaring og overføring av tradisjonar og verdiar.

KD arbeider for at Norge skal ha eit godt og effektivt utdanningssystem samt produktive og kreative forskingsmiljø. Vi treng desse institusjonane dersom vi skal greie å møte utfordringane i ei verd der kapital og kunnskap krysser grenser, der informasjons- og bioteknologi skapar nye mogelegheiter og etiske utfordringar, der kunnskap er den viktigaste kapitalen.

KD har som mål at det skal vere mogeleg for alle å delta i, og påvirke, utviklinga i kunnskapssamfunnet. Ein viktig føresetnad for å nå dette målet er ein kunnskapssektor som har evne til å utvikle, formidle og utnytte ny kunnskap.

Størstedelen av dei statlege tilskota til grunnskulen og vidaregåande opplæring går over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet som ledd i inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar. Kommunane har ansvaret for grunnskuleopplæringa, mens fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande opplæring.

Arbeidsoppgåvene til departementet:

  • Barnehagar.
  • Grunnskuleopplæring, skulefritidsordninga, spesialpedagogiske kompetansesenter.
  • Vidaregåande opplæring i skule og fagopplæring i arbeidslivet.
  • Høgare utdanningsinstitusjonar, Statens lånekasse for utdanning, tilskot til studentvelferd.
  • Vaksenopplæring og livslang læring på alle utdanningsområde i samarbeid med ulike arrangørar.
  • Forskingssaker mellom departementa, grunnløyving til Forskningsrådet, forskningsinstitusjonar og Internasjonale program og institusjonar, Meteorologisk institutt.
  • Personal- og organisasjonssaker, IT i utdanninga og likestilling.
  • Forvaltningsoppgåver, budsjett og rekneskap.