Ansvarsområde

Olje- og energidepartementets hovedoppgåve er å tilretteleggje ein samordna og heilheitleg energipolitikk.

Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.

Utan god konkurranseevne, effektiv ressursbruk og lønsemd i energisektoren vert det ikkje skapt arbeidsplassar og inntekter som er naudsynte for å sikre velferd og sysselsettjing. Energipolitikken må verte lagt opp slik at ein innanfor miljømessig forsvarlege rammer, best mogleg kan utnytte den samla tilgangen på arbeidskraft, kunnskap, kapital og naturressursar.

Som sekretariat for den politiske leiinga vil departementet sitt mål utvikla seg med regjeringa sine energipolitiske målsetjingar som du finn i aktuelle meldingar og proposisjonar til Stortinget.

Olje- og energidepartementet