Avdelingar

Justisdepartementet har ca 270 tilsette fordelt på sju avdelingar, statsrådseksjonen og informasjonseininga. Departementet sine avdelingar er alle sekretariat for politisk leiing, utarbeider forslag til Stortingsproposisjon nr. 1 - Statsbudsjettet - utformar prinsipp og rettleiingar, lover, forskrifter og ivaretek samarbeidet med andre departement.

Her finn du meir informasjon om avdelingane si oppbygging og deira oppgåver og ansvarsområde.

Kriminalomsorgsavdelinga

Kriminalomsorgsavdelinga i Justisdepartementet har som hovudoppgåve å vere sekretariat for politisk leiing, utarbeide forslag til statsbudsjettet, utforme styringsdokument og regelverk, og ivareta samarbeidet med andre departement.

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Lovavdelinga

Justisdepartementet si lovavdeling er eit juridisk ekspertorgan for regjeringa og sentralforvaltinga.

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Polaravdelinga

Polaravdelinga sine arbeidsoppgåver er departementet sine fagsaker i dei norske polarområda (Arktis og Antarktis).

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Plan- og administrasjons­avdelinga

Plan- og administrasjonsavdelinga er departementet si administrasjons- og driftsavdeling med ansvar for mellom anna løns- og personalpolitikk, samordning av budsjettarbeid både for justissektoren og internt.

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Politiavdelinga

Politiavdelinga skal trekkje opp hovudlinjene og ivareta det overordna etatsleiaransvaret for politi- og lensmannsetaten og for det internasjonale politisamarbeidet.

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Rednings- og beredskapsavdelinga

Justisdepartementet har det sektorovergripande samordningsansvaret på sentralt nivå innan redning og beredskap.

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Sivilavdelinga

E-post: .no
Telefon:
Faks:

Internasjonalt sekretariat

Internasjonalt sekretariat yter råd og veiledning til fagavdelingene, bidrar til bedre koordinering og prioritering av det internasjonale arbeidet og til kompetansebygging når det gjelder internasjonale organisasjoner og virksomheter.

Presse- og informasjonseininga

Presse- og informasjonseininga er informasjonsfagleg rådgjevar for politisk og administrativ leiing og dei sju avdelingane.

E-post: .no
Telefon:
Faks:
Justis- og politidepartementet