Pressemelding, 11.04.2012

Digital post skal erstatte papirpost

I framtida vil du motta post frå forvaltninga i éin sikker, digital postkasse og bli varsla om post på sms eller e-post. Det vil gjere det lettare for innbyggjarar og næringsliv å kommunisere digitalt med det offentlege.

Regjeringa tek sikte på å tilby innbyggjarar og næringsliv ein digital postkasse der dei kan ta imot digital post frå staten på ein sikker måte.

- Den digitale postkassen vil i motsetning til vanleg e-post oppfylle styresmaktene sitt krav til tryggleik. Éin digital postkasse vil gjere det enklare fordi brukarane slepp å ha med fleire digitale postkassar å gjere når dei mottek post frå forvaltninga. All post blir samla på ein stad. Samtidig vil det redusere statens kostnader ved utsending av papirpost, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Innbyggjarar og bedrifter vil få varsel på sms eller til e-posten sin når dei mottek brev i den digitale postkassen. Kontaktinformasjon som e-post og mobiltelefonnummer skal nyttast til å varsle at det kjem post i den digitale postkassen. Sms og e-post kan òg brukast for å varsle om enkel informasjon som for eksempel timeavtalar eller søknadsfristar.

- Du vil sjølv kunne registrere korleis du eller verksemda di helst vil bli kontakta av forvaltninga. Kontaktinformasjonen skal samlast på éin stad, i eit kontaktregister. På den måten slepp du å oppgi e-postadresse og mobiltelefonnummer fleire gonger til ulike delar av forvaltninga, seier Aasrud.

Ein tek sikte på å etablere ei ordning for at innbyggjarane skal kunne reservere seg mot å ta imot digital post frå staten.

- Sjølv om dei fleste i dag er på nett er det ikkje alle som er komfortabel med å nytte digitale verktøy. Det vil vere mogleg å reservere seg dersom ein heller vil ha tradisjonell post, seier Rigmor Aasrud.

Også kommunar skal kunne bruke den digitale postkassen. I programmet blir det lagt opp til at digital kommunikasjon blir obligatorisk for næringslivet sin kontakt med det offentlege.

Regjeringa tek sikte på å etablere ei felles ordning for at innbyggjarane skal kunne reservere seg mot å ta imot digital post frå staten.

Les regjeringas digitaliseringsprogram "På nett med innbyggerne"

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
cms03