Nyheit , 25.05.2010

Digitale språkverktøy nødvendig for å overleve

Å utvikle digitale verktøy for samiske språk har ikkje berre med rettferd og likestilling å gjere. Det er avgjerande for at samiske språk skal kunne overleve.

Det slo Sjur Moshagen ved Divvun/Senter for samisk språkteknologi i Tromsø fast, då han onsdag orienterte fornyingsminister Rigmor Aasrud og statssekretær Raimo Valle om verksemda.

Senteret har som mål å lage språkteknologiske verktøy for ulike samiske språk. Det kan dreie seg om pedagogiske program, tekstbearbeidingssystem, digitale ordbøker eller digital tale. I dagens digitale verd må eit språk ha ei mengd ressursar for å fungere som administrasjons- og kommunikasjonsspråk. Her står minoritetsspråk overfor ein heilt annan situasjon enn majoritetsspråk.

I nært samarbeid med senteret opererer Divvun-prosjektet, som blei starta opp i 2004, og utviklar samisk korrekturprogram for elektronisk tekstbehandling. Programmet er gratis og kan lastast ned frå Internett. Ein sør-samisk stavekontroll skal vere klar innan utgangen av året. Prosjektet, som har seks tilsette, vil dermed ha nådd målet sitt, men Sametinget har føreslått for FAD at det blir etablert ein permanent drifts- og utviklingsorganisasjon for Divvun frå 2011.

På biletet: Framme, frå venstre: Sjur Moshagen, Maja Kappfjell og Berit Anne Bals Baal i Divvun. Bak: Statssekretær Raimo Valle og statsråd Rigmor Aasrud.
På biletet: Framme, frå venstre: Sjur Moshagen, Maja Kappfjell og Berit Anne Bals Baal i Divvun. Bak: Statssekretær Raimo Valle og statsråd Rigmor Aasrud.