Røysterett og manntal

Stortingsval

Desse har røysterett ved stortingsvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
  • ikkje har mist røysteretten sin etter Grunnlova § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne røyste ved stortingsvalet, må du stå innført i manntalet i ein kommune.

Er du innført i manntalet?


Veljarar busette i Noreg:

Alle personar med røysterett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrerte som busette per 30. juni i 2009.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni 2009, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytte frå.

Veljarar busette i utlandet:
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytte frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøysting utanriks. Dersom du førehandsrøystar i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eit eige skjema. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret innan 14. september kl. 21.

Val
StortingsvalRøysterett og manntal