Pressemelding , 05.10.2010

Nr.: 52/2010

Eit budsjett for arbeid og velferd

Sigbjørn Johnsen

- Noreg har klart seg betre enn dei fleste andre land gjennom finanskrisa. Det er ei hovudoppgåve for den økonomiske politikken å halde sysselsettinga oppe og arbeidsløysa nede. Dette har vi lykkast godt med. No byggjer vi vidare på desse gode resultata. Statsbudsjettet for 2011 er eit ansvarleg budsjett for å sikre arbeidsplassar, velferd og verdiskaping, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Med utsikter til vekst over trend i fastlandsøkonomien i 2011 og stabilisering av arbeidsløysa klart under det historiske gjennomsnittet, er det no rett å stramme til i budsjettet og redusere avstanden til 4-prosentbana. Avstanden reknast til om lag 7,4 milliardar kroner i budsjettet for 2011. Dette er viktig både av omsyn til aktivitet og sysselsetting i konkurranseutsette næringar og til den langsiktige berekrafta i offentlege finansar, seier finansministeren.

Grunnlaget for velferda leggjast gjennom vår felles arbeidsinnsats. Arbeid til alle er difor eit hovudmål for Regjeringa. Arbeid gjev økonomisk sjølvstende for den einskilde og er det viktigaste verkemidlet for å motverke fattigdom og å utjamne sosiale skilnader.

Investeringar i den framtidige arbeidskrafta er ei av våre viktigaste oppgåver. Innsatsen på skule- og utdanningsområdet vert difor styrka, mellom anna slik at fleire kan fullføre vidaregåande opplæring.

Regjeringa legg til rette for eit inkluderande arbeidsliv der alle som har høve til det, kan delta. Regjeringa foreslår difor å halde ved lag eit høgt nivå på arbeidsmarknadstiltaka, auke stønadene til kvalifiseringsprogrammet for personar med varig nedsett arbeids- og inntektsevne, og styrkje tilskotsordningar som gjev auka kompetanse i arbeidslivet, seier finansministeren.

– Statsbudsjettet for 2011 er òg eit budsjett for å styrke velferda. Helse- og omsorgstilbodet har mykje å seie for levekåra og livsutfaldinga til den einskilde, og er ein viktig føresetnad for eit godt samfunn, seier finansministeren. Inntekta til helseføretaka aukast reelt med 1 milliard kroner. Det inneber at fleire pasientar får behandling. Stønadene til helseføretaka gjev rom for auka aktivitet og modernisering av bygg. Tiltaka mot rusmiddelmisbruk vert styrka, og Omsorgsplan 2015 blir følgd opp med mellom anna framlegg om investeringstilskot til fleire nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar. I tillegg vert det foreslått å auke stønadene til samhandlingstiltak.

Kommunesektoren har ansvaret for dei sentrale velferdstenestene. Ein berekraftig kommuneøkonomi er difor ein føresetnad for eit godt velferdstilbod i heile landet. Vi aukar stønadene til omsorg og velferd i kommunane med 5,7 milliardar kroner. Veksten er rekna i forhold til den berekna inntekta for 2010 i Revidert nasjonalbudsjett 2010. Regjeringa styrkjer det kommunale sjølvstyret og legg til rette for meir effektiv bruk av ressursane i kommunane ved at det samla vert foreslått å føre over drygt 29 milliardar kroner frå øyremerkte ordningar til kommunane sine rammetilskot. Det er den mest omfattande omlegginga frå øyremerking til rammetilskot sidan innføringa av inntektssystemet for kommunesektoren i 1986.

Skilnadene i samfunnet skal verte mindre. Tiltaka i Regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom førast vidare, og det vert foreslått auka stønader til målretta tiltak for å redusere fattigdom i 2011. Skilnadene i levekår jamnast ut mellom anna gjennom auka løyvingar til bustønad, tiltak for auka fullføring av vidaregåande opplæring, fleire ressursar til barnevernet og gjennom endringar i skatteopplegget for å stimulere fleire til å arbeide i tillegg til å ta ut pensjon. Framlegg om auka utgifter til tiltak mot rusmiddelmisbruk bidreg òg til å utjamne skilnader.

Regjeringa si satsing på barnehagar har gjeve resultat. Frå 2009 er det innført ein lovfesta rett til barnehageplass. I statsbudsjettet for 2011 foreslår Regjeringa å auke stønadene til barnehagar med til saman knapt 1,9 milliardar kroner nominelt frå saldert budsjett 2010. Foreldrebetalinga for barnehageplass går reelt ned ved at maksimalprisen vidareførast nominelt uendra frå 2010 til 2011.

Regjeringa vil legge til rette for auka verdiskaping og utvikling i heile landet. Den økonomiske veksten må sameinast med ei berekraftig utvikling. Det vert foreslått auka stønader til NTP-formål som veg, jernbane og sjøtransport med 2,6 milliardar kroner frå det høge nivået i saldert budsjett 2010. Det vert foreslått 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitiske tiltak på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Dessutan vert det foreslått å auke utgiftene på ei rekkje andre område som òg har mykje å seie for at Regjeringa skal nå dei distriktspolitiske måla sine, mellom anna styrking av kommuneøkonomien, jord- og skogbruk og tiltak i nordområda.

Budsjettframlegget har ein klar og framtidsretta miljøprofil. Energisektoren vert prioritert gjennom satsing på fornybare energikjelder, forsking og utvikling av teknologi for karbonfangst- og lagring. Klimaforliket i Stortinget og Regjeringa si varsla satsing på tiltak mot avskoging og skogforringing i utviklingsland vert følgd opp.

Regjeringa foreslår å auke stønadene til politi og påtalestyresmaktene med til saman nær 550 millionar kroner nominelt samanlikna med saldert budsjett 2010. Innanfor justissektoren er auka bemanning i politiet ein hovudprioritet.

Kontaktinformasjon

Informasjonseininga

Telefon: 22 24 41 05
Faks: 22 24 95 10

Adresse:

Finansdepartementet
Informasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Informasjonseininga

Telefon: 22 24 41 05
Faks: 22 24 95 10

Adresse:

Finansdepartementet
Informasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

cms02