Etatar med tilknyting til Finansdepartementet

Finansdepartementet har ansvar for ei rekkje andre statsinstitusjonar og statlege fond: Skattedirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Statens innkrevjingssentral, Statistisk sentralbyrå, Kredittilsynet, Senter for statleg økonomistyring og Folketrygdfondet. Til saman har desse rundt 10 000 tilsette. Finansdepartementet er også ansvarleg for regelverket for Statens pensjonsfond - Utland, som Noregs Bank forvaltar. Departementet er ankeinstans for visse avgjerder som vert tekne av underliggande etatar.

Finansdepartementets rolle overfor dei tilknytte etatane varierer, men felles for alle er at Finansdepartementet trekkjer opp retningslinjer for verksemda basert på det lovverket Stortinget har vedtatt og tildeler årlege budsjettmidlar i tråd med Stortingets vedtak. I praksis har dei tilknytte etatane stor handlefridom i faglege spørsmål.

Noregs Bank utøver penge- og valutapolitikken etter retningslinjer frå Kongen og Regjeringa. Viktige saker skal leggjast fram for Finansdepartementet.

Finanstilsynet

Finanstilsynet skal arbeide for at bankar, forsikringsselskap og finansieringsføretak følgjer lovar og reglar som er vedtekne for finansmarknaden. Det same gjeld verdipapirføretak, børs og autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister, eigedomsmeklarar, e-pengeføretak, revisorar og rekneskapsførarar.

Nettsida til Finanstilsynet

Folketrygdfondet

Statens pensjonsfond blei oppretta ved lov 20. desember 2005 nr. 123. Statens pensjonsfond er ei overbygning over Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Verksemda i dei to fonda er vidareført i den nye overbygninga. Statens pensjonsfond har såleis ikkje eiga styre eller eiga administrasjon.

Nettsida til Folketrygdfondet

Senter for statleg økonomistyring

Senter for statleg økonomistyring (SSØ) blei etablert 1. januar 2004. SSØ er eit ekspertorgan for økonomistyring i staten. Hovudfunksjonane er knytte til forvaltning av økonomiregelverket i staten, konsernsystema for statsrekneskapen og staten sin konsernkontoordning, samt å levere økonomitenester til statlege forvaltningsverksemder.

Nettsida til Senter for statleg økonomistyring

Skatteetaten

Skatteetaten skriv ut skattekort, forskotsskatt, kontrollerer sjølvmeldingane og har ansvar for folkeregisteret. Vidare fastset og kontrollerer etaten folketrygdavgifter og meirverdiavgift, krev inn meirverdiavgift og ei rekkje andre avgifter og gebyr for staten, og fastset og krev inn arveavgift.

Nettsida til Skatteetaten

Statens innkrevingssentral

Statens innkrevjingssentral (SI) sørgjer for innkrevjing, tvangsinnkrevjing og rekneskapsføring av alle økonomiske krav frå politiet. I tillegg krev SI inn ei rekkje andre statlege krav som for eksempel misleghaldt vegavgift, misleghalden NRK-lisens, misleghaldne studielån og nordiske straffekrav. SI er også driftssentral for politietaten sitt økonomisystem og har tilrettelagt delar av innkrevjingsløysinga til bruk for namsmannsapparatet i Noreg.

Nettsida til Statens innkrevingssentral

Statens pensjonsfond

Statens pensjonsfond blei oppretta ved lov 20. desember 2005 nr. 123. Statens pensjonsfond er ei overbygning over Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Verksemda i dei to fonda er vidareført i den nye overbygninga. Statens pensjonsfond har såleis ikkje eige styre eller eigen administrasjon.

Nettsida til Statens pensjonsfond

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeidar og gjer ut offisiell statistikk i Noreg, og har i tillegg ein betydeleg verksemd knytte til forsking. SSB dekkjer dei aller fleste samfunnsområda, og utarbeidar til eksempel statistikk og analyser om samfunnsøkonomi, næringsutvikling og befolkning.

Nettsida til Statistisk sentralbyrå

Tollvesenet

Toll- og avgiftsetaten/Tollvesenet

Toll- og avgiftsetaten består av Toll- og avgiftsdirektoratet sentralt, samt seks tollregionar, 20 tollsted og fire ekspedisjons - og kontrolleiningar. Etatens hovudmål er å sikre at toll og avgifter vert riktig fastsett og betalt inn til riktig tid. Etaten har og ansvaret for å hindre at varer vert teken med ulovleg inn eller ut av Noreg.

Nettsida til Toll- og avgiftsetaten/Tollvesenet

Finansdepartementet