Pressemelding, 07.02.2012

Fleire nye prestar - lågt sjukefråvær

Ved utgangen av 2011 var det tilsett 1,335 prestar i bispedømma. Det var 20 stillingar meir enn året før og ein auke på meir enn 40 stillingar frå hausten 2009. Det viser Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets årlege etatsstatistikk for presteskapet.

- Dei siste åra har vi hatt større merksemd på utfordringane med å rekruttere nok prestar til stillingane i kyrkja. Eg er derfor svært glad for denne utviklinga, seier kyrkjeminister Rigmor Aasrud. Ho synest òg det er oppløftande at fleire teologar no søkjer attende til prestetenesta.

Statistikken viser elles at:

Fleire pensjonerte prestar gjer periodevis teneste i kyrkjelydane
I tillegg til dei 1,335 ordinære prestestillingane var det mot slutten av 2011 registrert pensjonistar i mellombels tilsetjing i nær 160 stillingar. Det var 55 fleire enn året før, og inneber at det i praksis var nesten 1,500 prestar i teneste på det tidspunktet statistikken blei henta ut. Dei pensjonerte prestane utgjer ein uvurderleg ressurs for å sikre kyrkjelydane tilstrekkeleg vikardekning.

Rekrutteringsutfordringar - fleire eldre prestar
Alderssamansetjinga innan presteskapet tilseier at arbeidet med å rekruttere nye prestar må intensiverast i åra framover. Ved utgangen av 2011 var ca. fire av ti prestar i aktiv teneste eldre enn 55 år. For å dekkje opp for forventa aldersavgang i åra framover er det både trong for å gjennomføre tiltak for å utdanne fleire prestar, få fleire av dei utdanna teologane til å søkje til presteteneste og å behalde fleire i presteteneste.
Opplysningane frå bispedømma tyder på at rekrutteringstiltak som er sette i verk har hatt ein viss effekt. I 2011 blei det rekruttert inn 52 nye prestar frå utdanning eller andre typar yrke. Det var 20 fleire enn året før. Berre 43 prosent av dei som tiltredde i nye stillingar i 2011 kom frå ei anna prestestilling, mot tilsvarande 61 prosent i 2010.

Lågt sjukefråvær
Sjukefråværet blant prestane har dei to siste åra lege stabilt på 4,4 prosent. Det legemeldte fråværet utgjer 4,2 prosent. Det gjennomsnittlege sjukefråværet blant prestane er lågare enn gjennomsnittet elles i statleg sektor, og på nivå med måla som er sette for IA-avtalen. Det legemeldte sjukefråværet er høgare blant kvinner (6.2 %) enn blant menn (3,5 %). I 2011 sank sjukefråværet blant kvinner med 0,9 pst., mens det tilsvarande auka med 0,2 prosent blant menn.

Etter- og vidareutdanning
Prestane bruker meir tid på studium og vidareutdanning enn mange andre yrkesgrupper. I gjennomsnitt var det sett av 6,4 studiedagar per prest i 2011. Det var omlag det same som året før.  118 prestar deltok på kurs i regi av det nasjonale Kompetanserådet i 2011. Dette var litt færre enn året før.

Betre økonomisk situasjon i bispedømma
Den økonomiske situasjonen i bispedømmeråda er gjennomgåande blitt betre i løpet av dei to siste åra. Mens bispedømma i 2008-2009 måtte setje i verk fleire innsparingstiltak for å tilpasse bemanninga til sine budsjettrammer, hadde bispedømma samla sett innsparingar i rekneskapen på 6,8 millionar kroner i forhold til det dei fekk i løyving for 2011. Det er likevel ein del variasjonar mellom bispedømma, som gjer at det i somme bispedømme framleis vil vere trong for innsparingar i 2012. Auken i talet på stillingar kjem både av at det over statsbudsjettet for 2011 var løyvd 5 millionar kroner til oppretting av nye prestestillingar og at bispedømmeråda generelt har fått betre styring over økonomien.

***

Informasjon frå det offentlege skal vere lett å lese. FAD bruker Liks til å teste kor enkel teksten er. Denne pressemeldinga har ein verdi på 46. Det er det same som vanleg avistekst. Les meir om arbeidet med eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no. 

Kontaktinformasjon

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01
Faks: 22 24 95 53

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Tema

Kontaktinformasjon

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01
Faks: 22 24 95 53

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

cms01