Folketrygdfondet

Statens pensjonsfond blei oppretta ved lov 20. desember 2005 nr. 123. Statens pensjonsfond er ei overbygning over Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Verksemda i dei to fonda er vidareført i den nye overbygninga. Statens pensjonsfond har såleis ikkje eiga styre eller eiga administrasjon.
 
Fondet består av Statens pensjonsfond - Utland (tidligare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond - Noreg  (tidlegare Folketrygdfondet). Delen frå utlandet blir sett som innskot på konto i Noregs Bank. Motverdien forvaltast etter nærmare regler fastsett av Finansdepartementet. Delen frå innland blir sett som eit kapitalinnskot i Folketrygdfondet. Motverdien forvaltast etter nærmare regler fastsett av departementet.


Litt meir om Folketrygdfondet
Folketrygdfondets verksemd er regulert ved eit reglement fastsett av Stortinget 20. juni 1997. I Ot.prp. nr. 2 (2005 – 2006) Om lov om Statens pensjonsfond blei det varsla at Finansdepartementet ville erstatte reglementet med retningsliner for forvaltninga av Pensjonsfondet – Noreg fastsett i egen forskrift. Det vil gi eit meir einsarta system for fastsetting av retningslina for utland- og innlandsdelen av Statens pensjonsfond. Utkast til forskrift blei lagt fram for Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2006, jf. St.meld.nr.2 (2005-2006). Departementet legg opp til at forskrifta for Folketrygdfondet si forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg trer i kraft frå 1. januar 2007.

Folketrygdfondet forvalta 191,3 mrd. kroner ved utgangen av 2005. Marknadsverdien av renteplasseringane var 140,7 mrd. kroner. Av dette var 112,3 mrd. kroner plassert i stats- og statsgaranterte verdipapir,  derav var 108,1 mrd. kroner plassert som kontolån til staten. 28,5 mrd. kroner var plassert i private og kommunale obligasjonar og sertifikat. Fondet hadde ved utgongen av 2005 ein urealisert kursgevinst på dei renteberande papira på 7,2 mrd. kroner.
Marknadsverdien av eigekapitalplasseringane til Folketrygdfondet var ved årsskiftet 50,6 mrd. kroner, derav 41,9 mrd. kroner inngjekk i den norske aksjeporteføljen. Plasseringane i den norske aksjeporteføljen var fordelt på 40 selskap, medan investeringane i Danmark, Finland og Sverige var fordelt på 31 selskap. Fondet hadde ein urealisert kursgevinst frå eigekapitalplasseringane på 22,8 mrd. kroner.

Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna endringar i urealiserte gevinstar) var på 15 861 mill. kroner i 2005. Det svarer til ein verdijustert avkastningsrate av samla kapital på 9,0 pst. Tilsvarande avkastning i 2004 var 10,6 pst. Avkastninga av renteplasseringane var 2,8 pst. i 2005, medan avkastninga av norske aksje og grunnfondsbevis var 31,9 pst. Avkastning av aksjeplassering i resten av Norden var 25,1 pst. Aksjeavkastninga i Noreg i 2005 var 8,6 prosentpoeng lavar enn avkastninga til referanseporteføljen for aksjeinvestering, som Folketrygdfondets styre har valt  skal vere hovudindeksen på Oslo Børs.

Renteporteføljen hadde i same periode ein mindreavkastning på 0,9 pst. samanlikna med referanseporteføljen, mens aksjeinvesteringane i andre nordiske land i 2005 gav ei  meiravkastning på 0,6 prosentpoeng i forhold til referanseporteføljen som styret har satt til å være FTSE NOREX 30. Indeksen inneheld dei 30 største og mest likvide selskapa i Norden. De norske selskapa som inngår er tatt ut ved berekning av fondets referanseportefølje.

I femårsperioden frå 2001 til 2005 har gjennomsnittlig årlig avkastning vore 8,2 pst. for totalporteføljen, noko som er 0,8 prosentpoeng lågare enn avkastninga for referanseporteføljen. Den norske aksjeporteføljen har i same periode hatt ein gjennomsnittleg årlig avkastning på 11,7 pst., noko som er 0,7 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen.

Renteporteføljen hadde med ein gjennomsnittleg årleg avkastning på 6,8 pst. i perioden årleg mindreavkastning på 0,9 pst. i forhold til referanseporteføljen, mens aksjeinvesteringane i andre nordiske land gav ein gjennomsnittleg avkastning på 2,1 pst. i årene 2001 – 2005, som er på line med referanseporteføljen. Den norske aksjeporteføljen til Folketrygdfondet har over de siste fem åra hatt ein relativ volatilitet i forhold til referanseporteføljen på 3,8 prosentpoeng.

Resultata av Folketrygdfondets forvaltning er nærare omtalt i Finansmarknadsmeldinga 2009.

 

Kontaktinformasjon

Folketrygdfondet

Telefon: 23 11 72 00
Faks: 23 11 72 10

Nettsida til Folketrygdfondet

Adresse:

Folketrygsfondet
P.b. 1845 Vika
Haakon VIIs gt 2,
0123 Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Folketrygdfondet

Telefon: 23 11 72 00
Faks: 23 11 72 10

Nettsida til Folketrygdfondet

Adresse:

Folketrygsfondet
P.b. 1845 Vika
Haakon VIIs gt 2,
0123 Oslo