Pressemelding, 08.10.2012

Nr.: 36/2012

Forbetringar i formuesskatten

Regjeringa betrar formuesskatten ved å redusere rabatten i verdsettinga av sekundærbustad og næringseigedom. Samstundes vert botnfrådraget auka til 870 000 kroner. Med regjeringa sitt framlegg vil 50 000 færre betale formuesskatt.

Regjeringa har gjort formuesskatten betre og meir rettvis dei siste åra. Talet på skattytarar som betaler formuesskatt er meir enn halvert sidan 2005. Dessutan samsvarer skattegrunnlaga betre med reelle verdiar enn før. I budsjettet for 2013 vidarefører regjeringa dette arbeidet.

- Dei som investerer i fast eigedom, har over lengre tid hatt ein stor rabatt i formuesskatten. I 2013-budsjettet gjer vi framlegg om å redusere denne rabatten noko for sekundærbustad og næringseigedom. Det gjev rom for å auke botnfrådraget ytterlegare. 50 000 færre vil betale formuesskatt enn i dag, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa gjer framlegg om å auke likningsverdiane av sekundærbustad og næringseigedom frå 40 prosent til 50 prosent av berekna marknadsverdi. Tryggleiksventilen, som inneber at skattytaren kan krevje at likningsverdien vert sett ned dersom han overstig 60 prosent av den dokumenterte marknadsverdien til eigedomen, vert vidareført uendra. Botnfrådraget vert auka frå 750 000 kroner til 870 000 kroner (1 740 000 kroner for ektepar).

Framlegget gjev samla sett netto skatteletter på om lag 20 millionar kroner. 590 000 skattytarar vil få redusert formuesskatt, medan 115 000 skattytarar vil få auka formuesskatt. Dei som får auka skatt, har gjennomgåande høg inntekt.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo