Nyheit , 10.05.2010

Fornyingsministeren drøfta digitalt førsteval med toppleiarar i staten

Staten må ta tak i formelle hindringar i regelverket og bli betre på samordning på tvers av offentleg sektor dersom ein skal få brukarane til å velje digitalt. Det må spleisast på felles IKT- løysingar på tvers av offentleg sektor og bruken må gjerast  obligatorisk for etatane. Gjenbruk av informasjon er viktig så brukarane slepp å vere brevduer mellom etatane.

Dette var berre nokon av tilbakemeldingane fornyingsministeren fekk då ho 5. mai møtte toppleiarane frå Difi, Brønnøysundregisteret, Lånekassen, Helsedirektoratet, NAV, Statistisk sentralbyrå og Skattedirektoratet i IT-forumet SKATE. Tema for møtet var Digitalt førsteval.
 
Statsråden utfordra etatsleiarane på korleis vi skal få på plass fleire og betre digitale tenester til innbyggjarar og næringsliv. Kva for hinder finst og kva tiltak bør setjast inn for å lukkast med samordning og digitalisering av offentlege tenester?

- Vi har brukt mange pengar på fornying og infrastruktur, no må vi begynne å hauste gevinstane.  Etatane har komme ein lang veg i forhold til samordning og samarbeid, men det står framleis att hinder i forhold til forvaltning og finansiering av fellesløysingar. Eg fekk mange nyttige innspel av etatsleiarane som eg skal ta med meg vidare, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Skattedirektør Svein Kristensen (heilt til venstre), helsedirektør Bjørn-Inge Larsen, fornyingsminister Rigmor Aasrud, Difi-direktør Hans Christian Holte, NAV-direktør Tor Saglie og direktør Brønnøysundregisteret Erik Fossum diskuterte digitalt førsteval og felles utfordringar for staten. Foto: Kristin Brådvik.
Bilettekst: Skattedirektør Svein Kristensen (heilt til venstre), helsedirektør Bjørn-Inge Larsen, fornyingsminister Rigmor Aasrud, Difi-direktør Hans Christian Holte, NAV-direktør Tor Saglie og direktør Brønnøysundregisteret Erik Fossum diskuterte digitalt førsteval og felles utfordringar for staten. Foto: Kristin Braadvig, NAV.