Pressemelding, 18.11.2011

Nr.: 48/2011

Fullmakt til opptak av statslån i 2012

Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2012.

I tråd med vanleg praksis blir det lagt opp til at det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet i 2012 blir dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland.  Staten har likevel eit lånebehov som knyter seg til avdrag på statslån og utlån til statsbankar og andre.

Ifølgje budsjettforslaget for 2012 har staten eit brutto finansieringsbehov på 22,1 mrd. kroner i 2012. Regjeringa fremjar i dag forslag om å etablere ei statleg ordning for eksportfinansiering, jf. Prop. 34 S (2011-2012). Dette forslaget vil føre til ein auke i statens finansieringsbehov på 30 mrd. kroner . Finansieringsbehovet vil etter planen bli dekt ved opptak av nye lån innanlands. Finansieringsbehovet svingar mykje fra år til år, men av omsyn til marknaden for statspapir legg ein opp til å jamne ut den langsiktige opplåninga mellom enkelte år.

Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 70 mrd. kroner, og fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) er foreslått sett til 250 mrd. kroner. Statskassevekslar som blir nytta i ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett, er inkludert i denne fullmakta.

Finansdepartementet og Noregs Bank vil i desember offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2012.

Kontaktinformasjon

Avdelingsdirektør Sigurd Klakeg

Telefon: 22 24 41 64
Mobil: 901 96 831

Økonomiavdelinga

Telefon: 22 24 45 03
Faks: 22 24 95 09

Adresse:

Finansdepartementet
Økonomiavdelinga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

Finansdepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Avdelingsdirektør Sigurd Klakeg

Telefon: 22 24 41 64
Mobil: 901 96 831

Økonomiavdelinga

Telefon: 22 24 45 03
Faks: 22 24 95 09

Adresse:

Finansdepartementet
Økonomiavdelinga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

cms04