Pressemelding , 20.10.2010

Fylkesmannen positivt ut av kommuneundersøking

Fylkesmannen styrkjer si viktige rolle som rettleiar overfor kommunane og som rettstryggleiksgarantist, men kommunane er i mindre grad nøgde med saksbehandlingstida og Fylkesmannen si handtering av plan- og bygningssaker.
Dette viser ei undersøking Difi har gjennomført på vegner av Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).

I undersøkinga blir alle rådmenn og ordførarar bedne om å vurdere kor godt Fylkesmannen løyser sine oppgåver overfor kommunane. På ein skala frå 1-6 blir etaten totalt sett i gjennomsnitt lønt med 4,4 poeng. 

- Det gode resultatet stadfestar den viktige rolla Fylkesmannen har når det gjeld å utforme og setje i verk statleg politikk på område der  nasjonale omsyn må vege tungt samtidig som det skal takast lokale omsyn, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Spørjeundersøkinga er gjennomført som ledd i eit pågåande leiarutviklingsprogram for fylkesmannsembeta, og Aasrud meiner resultata er viktige i denne samanhangen, men òg i forhold til å utvikle ein delingskultur der ein kan lære av kvarandre.

- Når 82 prosent av dei som har svart, meiner at kommunikasjonen med Fylkesmannen er prega av openheit og tillit, har vi eit solid fundament å byggje vidare på, slår Aasrud fast.

Minst nøgde er kommunane med saksbehandlingstida (3,6 poeng) og behandlinga av plan- og byggjesaker.

- At kommunane kan vere misnøgde med Fylkesmannen si behandling av plan- og byggjesaker er ikkje overraskande. I slike saker vil Fylkesmannen ofte måtte vege nasjonale mot lokale interesser, og då er det ikkje alltid ein fell ned på kommunen sitt syn, seier Aasrud. Ho ser at enkelte fylke kan ha eit forbetringspotensial når det gjeld saksbehandlingstid.
- FAD vil derfor ta initiativ overfor dei ansvarlege fagdepartementa og embeta, til ein nærmare gjennomgang av saksbehandlingstida i embeta, seier Aasrud.

Aasrud er heller ikkje overraska over at enkelte fylke kan komme noko dårlegare ut enn andre.

- Det er naturleg og også riktig at embeta skårar ulikt. Embeta skal utøve si rolle i 18 ulike fylke, der tal og storleik på kommunar, geografi, næringsgrunnlag og demografi vil variere og dermed òg konfliktsaker som for eksempel strandsona, jordvern og verneområde. Når dette er sagt, vil store forskjellar i fylke med relativt like rammevilkår indikere at ting kan gjerast betre. Eg er trygg på at embeta vil ta tak i eigne utfordringar og samtidig lære av dei som har ein betre praksis, seier statsråden.

Her finn du heile undersøkinga og resultatrapportar for dei enkelte fylka

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Ragnvald Berggrav

Telefon: 22 24 48 27
Faks: 22 24 27 10

Statsforvaltningsavdelingen

Telefon: 22 24 49 99

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Ragnvald Berggrav

Telefon: 22 24 48 27
Faks: 22 24 27 10

Statsforvaltningsavdelingen

Telefon: 22 24 49 99

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

cms03