Pressemelding, 17.09.2012

Gáldu er evaluert

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud fekk fredag 14. september overlevert rapporten etter evalueringa av Gáldu – Kompetansesenteret for urfolks rettar. Senteret er evaluert av Rambøll Management Consulting på oppdrag frå departementet.

Gáldu – Kompetansesenteret for urfolks rettar blei etablert i 2002 for å auke kunnskapen om og forståinga for urfolksrettar og samiske rettar. Dette er første gongen senteret er evaluert.

Evalueringa viser at Gáldu jobbar aktivt og breitt ut mot nasjonale og internasjonale målgrupper. I rapporten blir det òg gitt tilrådingar om å gjennomføre ein prosess for å gjere det tydelegare kva behov Gáldu skal imøtekomme og for å klargjere mandat og målgrupper. Tilrådingane elles er å avklare vidare organisering og tilknyting, å innføre mål- og resultatstyring i større grad og å utvikle tiltak i tråd med behov og ressursar.

Departementet vil vurdere oppfølginga av tilrådingane, i samarbeid med Utanriksdepartementet, Sametinget og Gáldu.

Les rapporten