Pressemelding, 09.08.2012

Gratulerer med verdas urfolksdag

I dag 9. august feirar vi FNs internasjonale urfolksdag. Verdas urfolk utgjer meir enn 5 prosent av befolkninga i verda, og tel over 370 millionar menneske fordelte i over 90 forskjellige land. I dag markerer vi dagen deira!

Av verdas over 370 millionar urfolk lever dei fleste under vanskelege forhold, mange grupper opplever både undertrykking og forfølging.

- Denne dagen er ei viktig påminning for oss om å bry oss, og vise solidaritet med utsette grupper. For regjeringa er det viktig å medverke aktivt internasjonalt til å skape dialog mellom statar og deira respektive urfolksgrupper, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

Ein flaggdag for urfolk
Urfolksdagen blei vedteken av FNs generalforsamling 23. desember 1994 og er ein samisk flaggdag. Også på Sametinget blir dagen markert.

– For oss er det viktig at det blir retta merksemd mot dei utfordringane det samiske folket står overfor, men vel så viktig er det for Sametinget å rette merksemd mot urfolk i andre land, som ikkje er like godt stilte som vi er i Noreg, seier sametingspresident Egil Olli.

Dagen markerer det første møtet i FNs arbeidsgruppe for verdas urfolk i 1982. Arbeidsgruppa var ein del av FNs arbeid for menneskerettane.

Gratulerer med dagen!

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet