1. januar 2006 endra Barne- og familiedepartementet namn til Barne- og likestillingsdepartementet. Ansvaret for barnehagane ble overføyrde til Kunnskapsdepartementet frå regjeringsskifte i 2005.
Frå 1. januar 1991 til 1. januar 2006 heitte departementet vårt Barne- og familiedepartementet. Det blei oppretta i 1991 etter ei omorganisering av det tidlegare Familie- og forbrukardepartementet.
Ulike saksområde blei den gongen overførte frå det nedlagde Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet (frå 1. januar 1991).
Føremålet med å opprette eit nytt Barne- og familiedepartement var å styrkje innsatsen for barn, ungdom, familie, likestilling, forbrukarvern og produkttryggleik gjennom å samle og koordinere desse områda i eitt departement.
Ønsket om å styrkje det forbrukarpolitiske området går likevel heilt tilbake til 1955. Det blei då oppretta eit eige konsultativt statsrådembete, og i 1956 blei det oppretta eit eige departement for familie- og forbrukarsaker. Då Forbrukar- og administrasjonsdepartementet blei oppretta i 1972, gjekk det tidlegare departementet for familie- og forbrukarsaker inn som ei avdeling i det nye departementet under namnet familie- og forbrukaravdelinga. I 1977 føreslo regjeringa ei administrativ styrking av det familie- og likestillingspolitiske området. Forslaget førte til at familie- og likestillingssakene blei skilde ut i ei eiga avdeling i det dåverande Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. Samtidig blei det oppretta ei eiga forbrukaravdeling.
Då Familie- og forbrukardepartementet blei oppretta 1. januar 1990, blei familie- og likestillingsavdelinga omorganisert. Avdelinga fekk overført saksområde frå det tidlegare Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet og Justisdepartementet. Namnet blei endra til avdeling for barn, familie og likestilling. Samtidig blei delar av produkttryggleiksforvaltninga overførte frå Statens forureiningstilsyn til forbrukaravdelinga. Familie- og likestillingsavdelinga endra namn 1. januar 2006 til samlivs- og likestillingsavdelinga.
Då Familie- og forbrukardepartementet endra namn til Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991, blei avdeling for barn, familie og likestilling delt i to avdelingar: familie- og barnehageavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga. Ungdomsspørsmål blei samtidig overførte frå det dåverande Kulturdepartementet og plasserte i barne- og ungdomsavdelinga. Då Barne- og familiedepartementet endra namn til Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006, blei heile barnehageansvaret overført til Kunnskapsdepartementet.
Forbrukar- og produkttryggleiksavdelinga fekk i 1992 namnet ho har i dag.
Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) blei oppretta 1. juli 2004 etter ei samanslåing av Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA) og Statens barnevern og familievern (SBF), som blei oppretta 1. januar 2004 då staten tok over det tidlegare fylkeskommunale barnevernet. Verksemda er organisert med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som sentralt kontor og dessutan fem regionkontor: i Alta, Trondheim, Bergen, Tønsberg og Oslo. I tillegg er det ulike tenestetiltak over heile landet. Den nye statlege etaten har ansvaret for å drive barnevernsinstitusjonar og for fosterheimstenester, familievernkontor, andre familiebaserte barnevernstiltak og nærmiljøtiltak. Vidare skal etaten yte fagleg bistand til kommunane i vanskelege barnevernsaker, ved plasseringar utanfor heimen, ved adopsjonssaker, og dessutan forvaltning av tilskudd, saksbehandling og informasjonsarbeid på barne-, ungdoms- og familieområdet.
Oversikt over tidligere ministere tilknyttet departementet:
Ansvaret for likestillingspolitikken ble lagt til en egen statsråd ved etableringen av barne- og familiedepartementet i 1990 (Gro Harlem Brundtland)
Statsråder:
Barne- og familieministere og barne- og likestillingsministere:
Matz Sandman |
Ap |
1990-1991 |
Grete Berget |
Ap |
1991-1996 |
Sylvia Brustad |
Ap |
1996-1997 |
Valgerd Svarstad Haugland |
KrF |
1997-2000 |
Karita Bekkemellem Orheim |
Ap |
2000-2001 |
Laila Dåvøy |
KrF |
2001-2005 |
Karita Bekkemellem |
Ap |
2005-2007 |
Manuela Ramin-Osmundsen |
Ap |
2007-2008 |