Pressemelding, 16.03.2012

Historisk lovreform for Den norske kyrkja

I statsråd i dag blei det lagt fram ein proposisjon med forslag til endringar i kyrkjelova. Regjeringa følgjer dermed opp Kyrkjeforliket, avtalen om det framtidige forholdet mellom staten og Den norske kyrkja. Den blei inngått mellom alle partia på Stortinget i 2008. Proposisjonen inneheld òg ei evaluering av demokratireforma i Den norske kyrkja.

Gjennomgangen av demokratireforma tek sikte på å gi Stortinget grunnlag for å følgje opp framlegga om endringar i Grunnlova, som er fremja i tråd med kyrkjeforliket.

Regjeringa føreslår at biskopar i Den norske kyrkja i framtida skal tilsetjast av Kyrkjerådet, og at Kyrkjemøtet skal fastsetje korleis prosessen med nominasjon, avrøysting osb. fram mot tilsetjing skal vere. Myndigheita til å tilsetje prostar blir det føreslått å leggje til bispedømmerådet, som i dag allereie tilset sokneprestar og andre kyrkjelydsprestar.

Dei føreslåtte endringane i Grunnlova og kyrkjelova inneber at det ikkje lenger vil vere noko lovkrav om at statsråden som har ansvar for kyrkjesaker, skal vere medlem av Den norske kyrkja. Også i framtida vil departementet måtte avgjere visse saker som gjeld kyrkja si lære. Då skal ein freiste å klårleggje det læremessige grunnlaget for avgjerda ved at det blir henta inn fråsegn frå vedkommande biskop og det ansvarlege kyrkjelege organet.

– Eg er svært nøgd med at vi no har lagt fram ein proposisjon om endringar i kyrkjelova og evalueringa av demokratireforma, seier statsråd Aasrud.

– Vi er i rute med oppfølginga av kyrkjeforliket. Eg har von om at vi òg vil klare å behandle desse sakene på ein måte som tek vare på den samlande semja i hovudspørsmåla i kyrkjepolitikken.

Endringane i Grunnlova og kyrkjelova inneber ikkje eit brot mellom Den norske kyrkja og staten. Framleis vil kyrkja vere regulert gjennom ei eiga kyrkjelov og finansiert over offentlege budsjett. Og prestane vil framleis vere statstenestemenn.

– Eg vonar vi med dette har lagt eit godt grunnlag for at Den norske kyrkja – også i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg – kan vere ei open og inkluderande folkekyrkje, seier Aasrud.

 

Prop. 71 L (2011–2012) - Endringer i kirkeloven m.m.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01
Faks: 22 24 95 53

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Tema

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10

Kirkeavdelingen

Telefon: 22 24 79 01
Faks: 22 24 95 53

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

cms01