Pressemelding, 22.11.2011

Nr.: 49/2011

IMF med ny vurdering av norsk økonomi

Ein delegasjon frå Det internasjonale valutafondet, IMF, overleverte i dag ei fråsegn om norsk økonomi og økonomisk politikk. – Fråsegna frå IMF er eit viktig innspel i den økonomiske og politiske debatten i Noreg. Eg er glad for at IMF stør hovudlinene i den makroøkonomiske politikken til Regjeringa, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

IMF-delegasjonen konkluderer med at norsk økonomi klarar seg godt, trass i uroa i internasjonal økonomi. Produksjonen er no høgare enn før finanskrisa i 2008, og arbeidsløysa er låg. Framover ventar delegasjonen fortsett moderat vekst i fastlandsøkonomien, i hovudsak understøtta av innanlandsk etterspurnad. I fråsegna legg IMF vekt på at Noreg er betre rusta enn mange andre europeiske land til å handtere forsterka uro i eurosona. Økonomien er likevel sårbar dersom uroa fører til tap av tillit, lågare eksportetterspurnad, reduserte oljeprisar eller til finansieringsproblem for banksektoren.

- Noreg er ikkje isolert frå det som skjer i resten av verda. Det beste vernet vårt er å halde orden i eige hus. Eg er samd i IMF i at ein stram finanspolitikk vil verne konkurranseevna, og gje pengepolitikken rom til å vere eit førstelineforsvar dersom situasjonen forverrar seg internasjonalt, seier Johnsen.

I fråsegna peiker IMF-delegasjonen på risikoen som er knytt til høge bustadprisar og eit høgt gjeldsnivå i norske hushald. IMF viser til at ein bør bruke makroverkemiddel for å redusere slik risiko, og peikar mellom anna på Finanstilsynet sine retningsliner for bustadlån, høgare risikovekter for utlån til bustad, og styrking av kapitalen i bankane gjennom tilbakehald av utbyte og lønspolitikk. IMF gjev òg råd om korleis ein kan innrette det institusjonelle rammeverket for makroovervaking i Noreg.


- Det er viktig å styrke overvakinga av finanssystemet som heilskap for å bidra til finansiell stabilitet. Finansdepartementet tek sikte på å formalisere arbeidet med makroovervaking i Noreg i løpet av første halvår 2012, seier Johnsen.

IMF-delegasjonen stør innrettinga av finanspolitikken som Regjeringa har lagt fram i statsbudsjettet for 2012. I denne vurderinga har delegasjonen lagt vekt på det internasjonale risikobildet, og føresett bruk av makroverkemiddel. Delegasjonen har òg merkt seg at Noreg har langsiktige utfordringar i finanspolitikken, som følgje av auka utgifter til helse, pensjon og uføretrygd. Dette understrekar behovet for vidare reform av trygdesystemet for å støtte insentiva til arbeid.

På nyåret vil delegasjonen utarbeide ein meir omfattande rapport som sidan vil bli diskutert i styret i IMF.

________________________

Pressekonferansen kan òg sjåast på: Nett-TV på regjeringa.no

Norway 2011 article IV consultation: Concluding statement of the IMF mission

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

cms02