Pressemelding , 04.02.2011

Killengreen ny departementsråd i FAD

Politidirektør Ingelin Killengreen (63) blei i statsråd i dag utnemnd til ny departementsråd i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD). Killengreen overtek etter Karin Moe Røisland som går av med pensjon.

- Eg er veldig glad for at vi får ein ny departementsråd som har brei og solid leiarerfaring. Som direktør for Politidirektoratet gjennom 10 år og politimeister i Oslo i fem år før det har ho vore ein markant, synleg og tydeleg leiar. Før den tid har Killengreen i over ti år hatt ulike leiarjobbar i Justisdepartementet, blant anna som departementsråd. Killengreen kjenner den statlege forvaltninga godt, noko som er viktig i den jobben som ho no skal inn i, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Ingelin Killengreen har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo frå 1972 og har vore saksbehandlar, byråsjef, avdelingsdirektør, ekspedisjonssjef og departementsråd i Justisdepartementet. Ho har òg ein periode arbeidd som dommarfullmektig i Oslo skifterett. Dei siste15 åra har ho først vore politimeister i Oslo og deretter direktør for Politidirektoratet.

Det er ikkje fastsett når Killengreen vil tiltre som departementsråd i FAD.

Ingelin Killengreen
Bilde: Ingelin Killengreen blei utnemnd til ny departementsråd i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i statsråd i dag. Foto: FAD 

 


Bilde: Nyutnemnd departementsråd Ingelin Killengreen saman med statsråd Rigmor Aasrud. Foto: FAD

 

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
cms04