Kommunar og distrikt

Regjeringa tar utgangspunkt i at folkestyret inneber eit styresett der mange har sjanse til å påverke, og at makt skal spreiast. Eit levande og desentralisert demokrati med brei deltaking er grunnleggjande for å møte samfunnsutfordringane. Regjeringa fører ein aktiv og målretta distrikts- og regionalpolitikk. Målet er å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og å oppretthalde hovedtrekka i mønsteret for busetnad. Regjeringa vil at folk skal ha en reell sjanse til å busette seg der dei ønskjer, vi skal ta heile landet i bruk for å styrke verdiskapinga og vi skal medvirke til at fleire flyttar til distrikta.

Kommunar og distrikt

Kommunal- og regionaldepartementet har det overordna ansvaret for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvaltning og gjennomføring av val.

På denne sida finn du informasjon og dokument som handlar om kommunar og distrikt på eit overordna nivå. Du kan utforske temaet meir i menyen til høgre.

.

Distrikts- og regionalmeldingen 2006

Regjeringa si stortingsmelding nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet. Om distrikts- og regionalpolitikken varsla ein ny kurs i distrikts- og regionalpolitikken og er ei konkretisering av Soria Moria-erklæringa. Meldinga er ein arbeidsplan for ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk i inneverande stortingsperiode og inneheld innsats og tiltak innanfor ei rekkje politikkområde.

Det distriktspolitiske virkeområdet

Det vart ny soneinndeling for det distriktspolitiske virkeområdet for regionale utviklingsmidlar 1. januar 2007. Endringane innebar ei utviding av det distriktspolitiske virkeområdet.


Nyheiter frå departementa om kommunar og distrikt:

Statsbudsjettet

5,7 milliardar kroner meir til kommunane

Regjeringa foreslår at kommunane får ei reell inntektsauke på 5,7 milliardar kroner neste år.

Statsbudsjettet

Auka skatteinntekter i 2010

Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med om lag 800 millionar kroner i 2010.

Statsbudsjettet

2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken

Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2011. Det er ein auke på nesten 100 millionar kroner frå 2010.

Statsbudsjettet

137,8 millionar kroner til regional utvikling i Finnmark

Tilskotet til regional utvikling i Finnmark skal aukast frå 134,3 millionar kroner i 2010 til 137,8 millionar kroner i 2011.

Statsbudsjettet

64,4 millionar kroner til regional utvikling i Telemark

Tilskotet til regional utvikling i Telemark skal aukast frå 61,5 millionar kroner i 2010 til 64,4 millionar kroner i 2011.

Statsbudsjettet

269 millionar meir til Nord-Trøndelag neste år

Regjeringa foreslår 269 millionar kroner i vekst i frie inntekter til kommunane i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune neste år.

Statsbudsjettet

34,4 millionar kroner til regional utvikling i Buskerud

Tilskotet til regional utvikling i Buskerud skal aukast frå 31,1 millionar kroner i 2010 til 34,4 millionar kroner i 2011.

Statsbudsjettet

364 millionar meir til Oppland neste år

Regjeringa foreslår 364 millionar kroner i vekst i frie inntekter til kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune neste år.

Statsbudsjettet

464 millionar meir til Vestfold neste år

Regjeringa foreslår 464 millionar kroner i vekst i frie inntekter til kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune neste år.

Statsbudsjettet

1,4 milliardar meir til Oslo neste år

Regjeringa foreslår 1,4 milliardar kroner i vekst i frie inntekter til Oslo kommune og Oslo som fylkeskommune neste år.

Fleire dokument om temaet

Kontaktinformasjon

Kommunal- og regionaldepartementet

Telefon: 22 24 90 90

Adresse:

Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Besøksadresse:
Akersgata 59

Kontaktinformasjon

Kommunal- og regionaldepartementet

Telefon: 22 24 90 90

Adresse:

Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Besøksadresse:
Akersgata 59