Kontaktinformasjon

Tips: For å liste ut alle tilsette i ei eining kan du la feltet for navn eller tlf.nr stå tomt.

Gjestingsadresse:
Einar Gerhardsens plass 3, Oslo.
Fem fagavdelinger har andre besøksadresser.
Kart med AD sine besøksadresser

Postadresse:
Postboks 8019 Dep.
0030 Oslo

E-post:
E-post til Arbeidsdepartementet
E-post til ansatte: fornavn..no eller .no  

 

E-post til Arbeidsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er forplikta til å behandle alle dokument, inkludert e-post, i samsvar med avgjerdene i offentleglova 19. mai 2006 nr. 16. Det tyder blant anna at alle departementet sine saksdokument, inkludert all korrespondanse til og frå departementet, som hovudregel er offentlege. Den som ønskjer det, kan be om innsyn i departementet sine saksdokument etter offentlegheitslova. Send derfor ikkje brev eller e-poster til departementet med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjend.

Dersom dokumentet inneheld tausheitsbelagde opplysningar, vil desse bli strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet. Opplysningar om personars helsetilstand, og opplysningar om at nokon er eller har vore pasient, er alltid tausheitsbelagde.

Departementet er etter arkivlova (lov av 4. desember 1992 nr.126) forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå departementet førast opp. Følgjande opplysningar går som hovudregel fram av offentleg journal: Avsendaren sitt namn, namnet til mottakaren, dokumentet sin dato og ei kort beskriving av dokumentet sitt innhald. Journalen blir likevel alltid førd på ein slik måte at den ikkje røper tausheitsbelagde opplysningar.

Vil du ha eit skriftleg svar, må du opplyse om namn og ordinær postadresse.

Telefon:
Sentralbord 22 24 90 90

Arbeidsdepartementet