Kvar kan du røyste?

Stortingsval

valdagen den 14. september må du røyste i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2009.

Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Fristen for å røyste på førehand i Noreg er seinast 11. september. Dersom du røystar på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.

Det er kommunane som bestemmer kva for valglokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsrøystinga og på valdagen. Ta derfor kontakt med kommunen for nærare informasjon om vallokale og opningstider. Finn kommunen sin internettside (lenkje til Norge.no).

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røyst i Noreg, kan du røyste på førehand hos mange av dei norske utanriksstasjonane. Fristen for å røyste på førehand utanriks er innan 4. september. 

Val
StortingsvalVallokale