Pressemelding, 06.02.2012

Lihkku beivviin - læhkoeh biejjine - vuorbbe biejvijn!

- I dag, 6. februar, er det Samefolkets dag, og eg ønskjer å gratulere alle samar med dagen, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Samefolkets dag blir markert på ulike måtar i heile landet og blant samar både i Sverige, Finland og Russland. Men dagen blir ikkje lenger markert berre blant samar, blant anna nyttar mange skolar og barnehagar denne dagen til å bli kjende med samisk kultur. Nokre av dei har òg samisk kultur som tema heile denne veka.
- Dette er ein viktig dag for samane, ein dag som markerer det samiske fellesskapet og den samiske tilhøyrsla. Eg er glad for å sjå at denne dagen blir markert med ulike arrangement i store delar av landet, også der det samiske ikkje er så synleg til dagleg. Dette er med på å gjere denne dagen meir spesiell for oss alle, seier sameminister Rigmor Aasrud.

Samefolkets dag har vore markert i dei fire landa der samane bur sidan 1993. Dagen blei offisiell flaggdag i Noreg i 2004, og på fleire offentlege bygningar blir det samiske flagget heist saman med det norske. I år flaggar regjeringa med samisk flagg framfor Statsministerens kontor ved Akershus festning. Dagen blir òg markert internt med eit arrangement i departementsfellesskapet.

Sjå bilete frå lunsjkonserten i regjeringskvartalet med Adjágas på Flickr

***

Informasjon frå det offentlege skal vere lett å lese. FAD bruker Liks til å teste kor enkel teksten er. Denne pressemeldinga har ein verdi på 46. Det er det same som vanleg avistekst. Les meir om arbeidet med eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.

cms01