Pressemelding , 07.10.2008

Nr.: 128/08

Kulturbudsjettet for 2009:

Mange kulturtiltak i Finnmark får auka støtte

Regjeringa foreslår ei sterk samisk kultursatsing over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2009. Den samla auken til samiske kulturformål under Sametinget er på vel 8,4 millionar kroner og totalløyvinga er på 62 millionar kroner.

I tillegg er det forslag om å auke pressestøtta til dei samiske avisene med 3 millionar kroner til 21,6 millionar. Kvensk Institutt får 1 million kroner i auke, i alt 4,5 millionar kroner.

Stellaris DansTeater får ein auke på 1 million kroner, til 3,9 millionar kroner. Østsamisk museum i Neiden vil få eit investeringstilskot på 2,5 millionar, som er siste del av ei totalløyving på 42 millionar kroner. Bygget vil stå ferdig i år. Det er også fremja forslag om ei løyving på 2 millionar kroner til monument over ofre for hekseprosessar i Finnmark.

Varanger Museum får ein auke på 1 million kroner etter gjennomført konsolidering med Sør-Varanger museum.