Pressemelding , 17.11.2010

Møter respekt, men saksbehandlingstida er for lang

Nye tal frå Innbyggjarundersøkinga  viser både gode og dårlege erfaringar med det offentlege. - At folk opplever at dei blir møtte med respekt hos det offentlege, er godt å høyre. At dei samtidig synest saksbehandling går for treigt, er noko vi må ta fatt i, blant anna med smartare bruk av IKT, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Undersøkinga viser at brukarane er svært fornøgde med tenester som bibliotek, kyrkje og grunnskole. Barnehagane har òg  mange tilfredse brukarar. Myndigheitsorgan som NAV, Plan- og bygningsetaten og Skatteetaten får meir blanda resultat.

- Innbyggjarundersøkinga viser at et fleirtal av brukarar av offentlege tenester er tilfreds med tenestene. Dei negative tilbakemeldingane tek vi på alvor. Samtidig må vi hugse på at offentlege styresmakter  ofte må seie ”nei”, og då blir brukarane òg mine tilfredse, seier fornyingsminister Aasrud.

I januar 2010 spurde Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) 30 000 innbyggjarar om kva dei meinte om å bu i Noreg. No har Difi følgt opp dei som har vore i kontakt med minst ei av 23 offentlege tenester, og spurt om deira erfaringar. Innbyggjarundersøkinga skal takast opp att kvart anna år. 

- Innbyggjarundersøkinga er den største nasjonale undersøkinga av tilfredsheit med offentlege tenester som er gjennomført nokon gong. Dette gir regjeringa eit godt faktagrunnlag for å fornye offentlege tenester og for å styrkje velferdssamfunnet, seier statsråd Aasrud.

Undersøkinga er gjennomført av Synovate på oppdrag frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Det er full openheit rundt alle resultat, data, metodikk og spørjeskjema, og alle data er tilgjengelege på www.difi.no frå onsdag 17. november 2010 kl 11.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
cms03