Næringsmiljø og innovasjonssystem

Distrikts- og regionalpolitikken skal utvikle lokale og regionale næringsmiljø og system som gir betre vilkår for verdiskaping basert på innovasjon. Innsatsen skal tilpassast regionale utfordringar.

Regionar i vekst er ofte kjenneteikna av sterke næringsklynger og innovative miljø. Bedrifter, utdannings- og forskingsmiljø og ulike offentlege aktørar samarbeider og utgjer eit dynamisk utviklingsmiljø. Ein regional kunnskaps- og innovasjonsinfrastruktur er difor viktig for auka verdiskaping i ulike regionar. Stor avstand, både til kunnskapsmiljø og større marknad, er ei utfordring for næringslivet mange stader i landet.

Kommunal- og regionaldepartementet støttar ei rekkje program for å fremje næringsmiljø og innovasjonssystem i distriktet: