Pressemelding, 15.05.2012

Nr.: 19/2012

Noreg vil inngå avtale med IMF om lån

Regjeringa legg i dag fram eit framlegg for Stortinget om å godkjenne at Noregs Bank stiller nye lånemiddel til disposisjon for Det internasjonale valutafondet (IMF). Dei nye lånemidla går til IMF sine generelle utlånsordningar. Det vert sett ei ramme på 6 milliardar SDR, som er om lag 54 milliardar kroner med dagens valutakursar.

- Mange av Noreg sine nære handels- og samarbeidspartnarar er no i ein økonomisk vanskeleg situasjon. Arbeidsløysa er høg i mange land, særleg blant ungdom. Det er viktig med innsats på fleire felt for å skape ny vekst og sysselsetting, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

- Det er brei internasjonal semje om å styrke utlånskapasiteten til IMF. Det er naturleg at Noreg bidreg. Vi har sterk interesse av internasjonal økonomisk og finansiell stabilitet. Vi har òg store internasjonale reservar, seier Johnsen.

IMF sin internasjonale monetære og finansielle komité (IMFC), som består av finansministrar og sentralbanksjefar frå medlemslanda, vart 21. april i år einige om å styrkje utlånskapasiteten til organisasjonen. Målet er å sikre at IMF har nok ressursar til å kunne møte medlemslanda sine behov for kriselån. Administrasjon i IMF har så langt fått løfte om bilaterale lån på over 430 milliardar amerikanske dollar fordelt på meir enn 30 land.

Bakgrunn om lån til IMF

Finansminister Sigbjørn Johnsen sendte 21. desember 2011 eit brev til administrerande direktør Christine Lagarde i IMF med tilbod om å stille inntil 6 mrd. SDR til disposisjon for organisasjonen gjennom ein bilateral låneavtale, under føresetnad av samtykkje frå Stortinget. Frå norsk side vart det sett som ein føresetnad at det norske lånet skulle vere ein del av ein større internasjonal innsats. Denne føresetnaden er etter Finansdepartementet si vurdering no oppfylt.

Auka i låneramma fordoblar Noreg si samla låneramme til IMF. Dei norske lånemidla vil bli stilt til disposisjon for IMF si generelle utlånsverksemd. Dermed vert dei tilgjengelige for alle IMF sine medlemsland og ikkje øyremerkte ein bestemt region eller gruppe av land.

Lånetilbodet er ein bilateral låneavtale som IMF kan trekke på over tid og ved behov. Kvart trekk vil ha ein eigen plan for tilbakebetaling. Tryggleiken for lån til IMF er særs god. Det er presedens for at IMF får tilbakebetalt fordringane sine før andre kreditorar. Dei 188 medlemslanda i IMF er dessutan solidarisk ansvarlege for tilbakebetaling av bilaterale lån, som det Noreg no stiller med, innanfor ramma av landa sine kvoter. Avkastinga på trekte beløp under låneramma vil vere SDR-renta. Ho er ei samanveging av kortsiktige statspapirrenter i amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen.

 

__________________

Revidert nasjonalbudsjett 2012

 


Tala bak figurane i Revidert nasjonalbudsjett 2012

 

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo