Pressemelding, 24.11.2011

Noregs statskalender blir lagt ned

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) har valt å leggje ned Noregs statskalender i trykt og elektronisk utgåve med verknad frå 1. januar 2012.

Noregs statskalender har opplevd abonnementssvikt dei siste åra. Dette har ført til at verken trykt eller elektronisk utgåve lenger er sjølvfinansierande. Mykje av informasjonen i statskalenderen finst i dag på andre nettstader.

Servicesenteret for departementa (DSS) har på oppdrag frå FAD gjennomført ei behovs- og brukarundersøking. Undersøkinga viser at det er lite bruk og behov for kalenderen. Departementet har derfor bestemt seg for å leggje ned Noregs statskalender i trykt og elektronisk utgåve med verknad frå 1. januar 2012.

Statskalenderen inneheld i dag blant anna oversikt over statsinstitusjonar med opplysningar om talet på tilsette, verksemdsområde, organisering, budsjett og ansvarsområde.  Kalenderen inneheld òg oversikt over representantfordelinga på Stortinget, regjeringa, kongehuset, domstolane og opplysningar om dekorasjonar.

Brukarar av statskalenderen kan oppsøkje nettstadene til Statens tenestemannsregister, Statistisk sentralbyrå, Norsk samfunnsvitskapleg datateneste eller nettsida til kvar einskild statleg verksemd.  

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Helge Kvandal

Telefon: 22 24 47 76
Mobil: 402 84 275
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Helge Kvandal

Telefon: 22 24 47 76
Mobil: 402 84 275
Faks: 22 24 27 10
cms02