Pressemelding, 15.02.2012

Nr.: 3/2012

OECD sin landrapport om norsk økonomi

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) la i dag fram rapporten sin om norsk økonomi.

Finansminister Sigbjørn Johnsen takkar Patrick Lenain og Paul O’Brien frå OECD for rapporten dei overleverte.
Finansminister Sigbjørn Johnsen takkar Patrick Lenain og Paul O’Brien frå OECD for rapporten dei overleverte. Foto: Tor Martin Bærum/Finansdepartementet

- OECD si vurdering av norsk økonomi er eit nyttig innspel for norske styresmakter. Eg merkar meg at OECD legg vekt på at retningslinene for finans- og pengepolitikken og Statens pensjonsfond utland tener Noreg vel. Dette er vurderingar eg deler fullt ut, seier finansminister Sigbjørn Johnsen. Rammeverket for den økonomiske politikken bidreg til økonomisk stabilitet på kort sikt og til bærekraftige offentlege finansar på lang sikt. Eg merkar meg at dette rammeverket, etter OECD si vurdering, har bidrege til at Noreg har klart seg godt gjennom den internasjonale finanskrisa.

- OECD peiker på at Noreg kjem godt ut på internasjonale samanlikningar av velferd og livskvalitet. Eg legg merke til at OECD ser dette i samanheng med måten vår å organisere samfunnet på, med stor grad av likskap, inkludering og tryggleik for innbyggjarane. Desse kvalitetane treng ikkje gå på kostnad av økonomisk utvikling, tvert imot, seier finansministeren.

- I rapporten peiker OECD på at sjukefråværet og talet på personar på uføretrygd er høgt i Norge. OECD skriv at dei tiltaka som Regjeringa har sett i verk på desse områda, må vurderast etter kvart som ein får røynsle med dei. Dersom dei ikkje verkar slik det er tenkt, bør ein òg vurdere andre tiltak. OECD peiker her på viktige utfordringar i norsk økonomi, seier Sigbjørn Johnsen. Det er innført naudsynte tiltak, og vi kjem til å følgje dei opp. Arbeidskrafta er vår viktigaste ressurs, og vi må sørgje for at arbeidslivet vert lagt til rette slik at flest mulig kan bidra. Det er til det beste både for den einskilde og for fellesskapet, seier finansministeren.

- OECD sin rapport om Noreg inneheld denne gongen to utdjupande kapittel, eitt om skattleggjing av kapital og eitt om effektivitet i offentleg sektor. Regjeringa har høge ambisjonar i arbeidet med å vidareutvikle velferdsstaten, seier finansministeren. Då er effektiv skattleggjing og effektiv utnytting av ressursane viktige. Anbefalingane frå OECD vil tene som innspel i arbeidet med desse problemstillingane.

Nett-TV frå pressekonferansen
Lysark frå presentasjonen
OECDs nettside om landrapporten
Overview of the Economic Survey of Norway

 

Executive summary - Key recommendations | OECD

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

cms03