Om departementet

 

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) arbeider for at:

 

  • tryggleiken, rettane og interessene til forbrukarane skal bli styrkte
  • barn og unge skal få ein trygg oppvekst og høve til å ta del i og vere med og bestemme i samfunnet
  • familiar skal leve i tryggleik, både økonomisk og sosialt
  • det skal bli full og verkeleg likestilling mellom kvinner og menn

 

Arbeidsområda våre rører ved kvardagen for dei fleste, og avgjerdene vi tek, kan ha mykje å seie for den enkelte. 

Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet, Akersgata 59, Oslo. Fotograf: Roger Holmsen


Størstedelen av budsjettet til BLD går til overføringar til barnefamiliane: barnetrygd, fødselspengar og kontantstøtte. Av velferdstiltaka er barnevern den største budsjettposten.

Fagavdelingane forvaltar lover og tilskotsordningar, arbeider med planlegging, utgreiingar, stimuleringstiltak og rettleiing, og gir informasjon til allmenta og dei aktuelle gruppene. Avdelingane gir òg stønad til forsking, forsøk og utviklingsarbeid, og deltek i internasjonalt samarbeid på sine fagområde.

Barne- og likestillingsdepartementet