Om departementet

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) er koordinerande departement i Regjeringas fornyingsarbeid. Departementet har òg ansvaret for:

Den nasjonale IKT-politikken
FAD skal medverke til at det offentlege utviklar IKT-løysingar som er effektive, sikre og brukarvennlege.  Departementet skal greie ut og følgje opp korleis ny teknologi og auka bruk av IKT påverkar samfunnet og skaper nye moglegheiter og behov for endringar.

Konkurransepolitikken
Gjennom konkurransepolitikken skal FAD medverke til auka verdiskaping til beste for forbrukarar og næringsliv, og at det blir teke tilstrekkelege konkurranseomsyn på alle politikkområde. Konkurranseloven, loven om offentlege innkjøp og loven om offentleg støtte er sentrale reiskapar i konkurransepolitikken.

Statlig arbeidsgivarpolitikk
Med ansvar for lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette i staten skal FAD sikre ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk. FAD forvaltar og utviklar lovar, inngår landsdekkjande og overordna tariffavtalar og føresegner i tillegg til rammevilkår for statens personal- og arbeidsgivarpolitikk. FAD skal vere pådrivar, rådgivar og støttespelar i omstilling og organisasjonsutvikling i forvaltninga, personalspørsmål og leiarutvikling i staten.

Bygg- og eigedomspolitikk
FAD har overordna ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Statsbygg varetek byggherrefunksjonen og forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen. FAD skal gjennom Statsbygg sørgje for funksjonelle lokale til staten sine ulike verksemder. Omsynet til tilgjengelegheit, miljø, arkitektonisk kvalitet og kulturhistoriske verdiar står sentralt.

Samar og nasjonale minoritetar
FAD har gjennom samepolitikken ansvaret for at omsynet til samiske interesser blir inkludert i utforminga av politikken på alle aktuelle område. FAD koordinerer og samordnar kontakten med Sametinget. Det skal takast omsyn til nasjonale minoritetar, kvenar, jødar, skogfinnar, rom/sigøynarar og romanifolk/taterar i tråd med målsetjingane som er nedfelte i Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Minoritetsspråkpakta.

Kyrkjepolitikken
Kyrkjepolitikken skal vere med å leggje til rette organisatoriske og økonomiske rammevilkår for Den norske kyrkja slik at denne kan leve og verke som ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.

Forvaltningspolitikken
FAD har ansvar for forvaltningspolitikken, som dannar grunnlag for statens val av organisasjonsformer og utgreiingsprosedyrar. Desse skal sikre demokratisk styring og god saksbehandling. Gjennom den statlege kommunikasjonspolitikken skal FAD medverke til at staten kommuniserer godt med innbyggjarar, næringsliv og presse.

Personvern
Som ansvarleg for delar av personvernpolitikken skal FAD leggje til rette for eit samfunn der innbyggjarane kan kjenne seg trygge på at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar.

Fylkesmennene
Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket og administrativt underlagd FAD. Departementet har eit hovudansvar for tilrettelegging, sikring og kontroll av kvalitet i styringssystem, organisasjonsutvikling og for rammevilkår i embeta. Fylkesmannen utfører oppgåver for 12 departement og kvart departement er fagleg overordna embeta på dei aktuelle fagområda. FAD har eit overordna ansvar for organisering og inndeling av regional statsforvaltning.

Politiske parti
FAD har ansvar for tilskot til dei politiske partia og loven som omfattar desse. Loven inneheld bl.a. vilkår for registrering av eit politisk parti og kva krav om innsyn som gjeld for partia sine rekneskapar.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet blei oppretta 1. januar 2010. FAD er kontaktdepartement for Det kongelege Hoff. Departementet har ansvaret for ei rekkje statlege fellestenester med grunnlag i dei nemnde politikkområda. FAD har ansvar for styringa av følgjande underliggjande etatar:

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
  • Statsbygg
  • Servicesenteret for departementa
  • Datatilsynet
  • Konkurransetilsynet
  • Bispedømmeråda
  • Det praktisk-teologiske seminar
  • Kyrkjerådet
  • Nidaros Domkyrkjes Restaureringsarbeid
  • Opplysningsvesenets fond
  • Gáldu - Kompetansesenteret for urfolks rettar
  • Internasjonalt fag- og formidlingssenter for reindrift
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet