Om departementet

Justisdepartementet vart oppretta i 1818. Departementet har ca 370 tilsette fordelt på åtte avdelingar, statsrådsseksjonen og informasjonseininga. Hovudmåla til departementet er å sørge for at grunnleggande garantiar om rettstryggleik blir halde ved like og utvikla. Eit overordna mål er å sikre samfunnet og enkeltmennesket sin tryggleik

Justisdepartementet arbeider for å redusere kriminalitet, sikre tryggleik og sikkerheit, betre openheit og demokrati, og betre justisvesenets oppgåveløysing og service til publikum gjennom å:

  • førebu saker for regjering, Kongen i statsråd og Stortinget
  • bidra til gjennomføring av regjeringen sin politikk
  • utvikle og følge opp dei ytre etater og domstolane
  • utøve ansvar for fleire forvaltingsoppgåver
  • yte publikumsservice

Justisministeren er departementet sin sjef og politiske leiar. Han har tre statssekretærer og ein politisk rådgjevar.

Departementsråden er øvste faste embetsmann og administrativ leiar. Departementet har òg ein ass. departementsråd som er avløysar for departementsråden og deler hans arbeidsoppgåver. Kvar av dei åtte avdelingane vert leia av ein ekspedisjonssjef.

Sjå også:Tilknytta verksemder, underliggande etatar og Styre, råd og utval.

Justis- og politidepartementet