Om departementet

Kunnskapsdepartementet (KD) har ansvaret for samfunnssektorar som er viktige for at vi skal vekse og utvikle oss – både som enkeltmenneske og samfunn. Barnehagar, utdanningsinstitusjonane og forskingsmiljøa har i tillegg viktige roller som kulturbærarar og kulturformidlarar.

 Utvikling, endring og omstilling må gå hand i hand med bevaring og overføring av tradisjonar og verdiar. Noreg skal ha eit godt og effektivt utdanningssystem samt produktive og kreative forskingsmiljø. Vi treng desse institusjonane dersom vi skal greie å møte utfordringane i ei verd der kapital og kunnskap kryssar grenser, der informasjons- og bioteknologi skaper nye mogelegheiter og etiske utfordringar og der kunnskap er den viktigaste kapital.

KD har som mål at det skal vere mogeleg for alle å delta i, og påvirke, utviklinga i kunnskapssamfunnet. Ein viktig føresetnad for å nå dette målet er ein kunnskapssektor som har evne til å utvikle, formidle og utnytte ny kunnskap.

Budsjettet til departementet for år 2004 var på om lag 50 milliardar kroner. Størstedelen av dei statlege tilskota til grunnskule og vidaregåande opplæring går over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet som ledd i inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar.

Kommunane har ansvaret for grunnskuleopplæringa, mens fylkeskommunane har ansvar for den vidaregåande opplæringa.

Statsråden er departementet sin øvste leiar. I tillegg består det politiske sekretariatet av to statssekretærar og ein politisk rådgjeer.

Kunnskapsdepartementet

Andre relaterte dokument