Om departementet

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for matpolitikk og landbrukspolitikken.

Matpolitikken skal sikre forbrukarane trygg mat av rett kvalitet gjennom ein sunn matproduksjon, og leggje til rette for eit ernæringsmessig fullgodt kosthald. Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for utforming av matpolitikken og forvalting av matvaresystemet frå primærproduksjon fram til forbrukarane. Regjeringa har starta eit omfattande arbeid for å forenkle og forbetre lovverket og tilsynet. Samtidig vil ansvarsfordelinga mellom dei tre departementa bli klarare.

Landbrukspolitikken omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket. Landbrukspolitikken skal sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon, utvikle kunnskapsgrunnlaget og medverke til verdiskaping og sysselsetjing i heile landet med utgangspunkt i landbruket og landbruksbaserte produkt.

Sentrale rammevilkår for mat- og landbrukspolitikken er den generelle økonomiske politikken, marknaden og handelspolitikken som følge av WTO-avtalen og EØS-avtalen, og Stortinget si behandling av:

Mat- og landbrukspolitikken baserer seg på to grunnleggande forhald:

  • Ei forbrukarorientering av all verksemd innanfor dei områda der Landbruks- og matdepartementet har forvaltningsansvar.
  • Ein effektiv og framtidsretta næringspolitikk som ser samfunns- og næringshensyn i samanheng.

Kontaktinformasjon

Landbruks- og matdepartementet

Telefon: 22 24 90 90
Faks: 22 24 95 55

Adresse:

Akersgata 59, Oslo
Post:
Postboks 8007 Dep.
0030 Oslo

Om departementet

Kontaktinformasjon

Landbruks- og matdepartementet

Telefon: 22 24 90 90
Faks: 22 24 95 55

Adresse:

Akersgata 59, Oslo
Post:
Postboks 8007 Dep.
0030 Oslo