Organisasjon

Det er om lag 110 tilsette i Fiskeri- og kystdepartementet. Av desse er det nesten like mange kvinner og menn.

Departementet blei oppretta i 1946. Noreg var den fyrste nasjonen i verda som etablerte eit eige departement for fiskeria. Før den tida sorterte fiskerisaker under Handelsdepartementet.

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for desse områda

  • Fiskerinæringa
  • Havbruksnæringa
  • Trygg sjømat, fiskehelse og -velferd
  • Hamnar, infrastruktur for sjøtransport og beredskap mot akutt forureining

Departementet fungerer som sekretariat for fiskeri- og kystministeren, og utøver den administrative styresmakta si gjennom oppgåver som tilrettelegging og implementering av lover og reguleringar. Departementet konsentrerer seg om dei viktigaste politiske oppgåvene, mens faglege oppgåver og behandling av enkeltsaker i større grad blir behandla i underliggjande etatar og institusjonar.

 

Fiskeri- og kystdepartementet er organiserte i tre avdelingar

Avdeling for havbruk, sjømat og marknad

Forskings- og innovasjonsavdelinga

Havressurs- og kystavdelinga

Kommunikasjonseininga og administrasjonseininga er direkte underlagd departementsråden.

 

Organisasjonskart

Les også om likestilling i Fiskeri- og kystdepartementet

Informasjon om Fiskeri- og kystdepartementet sine tilskotsordningar 
 

Fiskeri- og kystdepartementet