Organisasjon

Forsvarsministeren er Forsvarsdepartementets sjef og politiske leiar. Ho har ein statssekretær og ein politisk rådgjevar.

Departementsråden er den høgaste faste embetsmannen i departementet. Departementsråden skal avlaste og vere rådgjevar for statsråden i leiing og samordning av arbeidet i departementet.

Departementsråden har i sin stab ein assisterande departementsråd som fungerer i departementsråden sitt fråvær, ei controllereining og eit sekretariat.

Departementet er delt i fire fagavdelingar som vert leia av kvar sin ekspedisjonssjef:

  • Personell og fellestenester
  • Tryggleikspolitikk
  • Økonomi og styring
  • Forsvarspolitikk og langtidsplanlegging

Forsvarsdepartementet har desse underliggjande etatane:

Forsvarsstaben (FST)
er Forsvarsdepartementet sin største underliggjande etat med ansvar for styrkeproduksjon og ulike våpengreiner

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI)
har som formål å drive forsking og utvikling for Forsvaret sine behov. FFI skal være rådgjevarar for Forsvaret si politiske og militære leiing i faglige spørsmål innan arbeidsområda til instituttet.

Forsvarsbygg
har kontor over heile landet og har ansvar for all bygningsmasse i Forsvaret.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)
er oppretta som direktorat med virkning frå 1.januar 2003. Direktoratet er administrativt lagt under Forsvarsdepartementet, og rapporterer med fagleg ansvarsline til Justisdepartementet for oppgåveløysing i sivil sektor, og til Forsvarsdepartementet for militær sektor.

Kontaktinformasjon

Forsvarsdepartementet

Telefon: 23 09 80 00
Faks: 23 09 60 75

Adresse:

Pb. 8126 Dep., 0032 Oslo

Vitjingsadresse:
Glacisgata 1 (se kart)

Kontaktinformasjon

Forsvarsdepartementet

Telefon: 23 09 80 00
Faks: 23 09 60 75

Adresse:

Pb. 8126 Dep., 0032 Oslo

Vitjingsadresse:
Glacisgata 1 (se kart)