Organisasjon

Justisdepartementet vart oppretta i 1818. 
Departementet har ca 345 tilsette fordelt på åtte avdelingar, statsrådsseksjonen og informasjonseining.

Hovudmåla til departementet er å sørge for at grunnleggande garantiar om rettstryggleik blir halde ved like og utvikla. Eit overordna mål er å sikre samfunnet og enkeltmennesket sin tryggleik. Gjennom å:

  • førebu saker for regjering, Kongen i statsråd og Stortinget
  • bidra til gjennomføring av regjeringen sin politikk
  • utvikle og følge opp dei ytre etater og domstolane
  • utøve ansvar for fleire forvaltingsoppgåver
  • yte publikumsservice

arbeider Justisdepartementet for redusert kriminalitet, tryggleik og sikkerheit, openheit og demokrati og justisvesenets oppgåveløysing og service til publikum.

Justisministeren er departementet sin sjef og politiske leiar. Han har tre statssekretærar og ein politisk rådgjevar.

Departementsråden er øvste faste embetsmann og administrativ leiar. Departementet har òg ein ass. departementsråd som er avløysar for departementsråden og deler hans arbeidsoppgåver. Kvar av dei sju avdelingane vert  leia av ein ekspedisjonssjef.

Sjå også: Tilknytta verksemderunderliggjande etatar og styrer, råd og utvalg

Justis- og politidepartementet