Rednings- og beredskapsavdelinga

Rednings- og beredskapsavdelinga har ansvar for etatsstyringa av

  • hovudredningssentralane,
  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB)
  • Siviltenesten.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) er underlagt Forsvarsdepartementet, men har ei fagleg rapporteringslinje til Justisdepartementet.

Rednings- og beredskapsavdelinga har eit samordnings- og tilsynsansvar for departementa sitt beredskapsarbeid og for intern sikkerheit i departementet og justissektoren. I tillegg har avdelinga ansvar for større prosjekt som utbyggjing av felles radiosamband for nødetatene - nødnett og anskaffelse av nye redningshelikopter.  Avdelinga har det faglege og administrative ansvaret for krisestøtteeininga.

Kvar sektor har ansvar for sikkerheit og beredskap på sitt område. Justisdepartementet si samordningsrolle medfører ansvar for å ta initiativ til å skape arenaer for dialog og moglegheiter for erfaringsoverføring mellom samfunnsviktige område. Departementet kan ta initiativ til avklaring av ansvarsforhold og tiltak med berørte partar. Justisdepartementet sin samordningsfunksjon har blitt styrka dei seinare åra. Etableringa av DSB har gitt ei felles myndigheitslinje frå sentralt til lokalt nivå innan brann, redning, førebyggjing og generell beredskap. Arbeidet med tilsyn, planverk og øvelsar skal gi ei best mogleg nasjonal samordning av det førebyggjande arbeidet og beredskapsførebuingar.

Avdelinga har mellom anna ansvar for brann- og eksplosjonsvernlova, lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, produktkontrollova og lov om sivilforsvaret.

Justisdepartementet har samordningsansvar for samfunnet sin sivile tryggleik og ansvar for eit omfattande tilsynsarbeid med sikkerheit gjennom Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og hovudredningssentralane.

Hovudmål for arbeidet med samfunnssikkerheit er effektiv førebyggjing av kriser og alvorlig svikt i samfunnskritiske funksjonar, effektiv håndtering av kriser og god organisering av samfunnet sitt beredskapsapparat.

Hovudprinsippet i arbeidet er at det departement som har ansvar for ein sektor til dagleg, også har ansvaret for beredskapsplanlegging og eventuell iverksetjing av beredskapstiltak i ein krisesituasjon. Justisdepartementet har eit samordnings- og tilsynsansvar.

Det er omlag 25 tilsette i avdelinga, som er organisert i tverrfaglege team.

Ekspedisjonssjef Mette Stangerhaugen

Rednings- og beredskapsavdelinga

E-post:
Telefon: 22 24 54 30
Faks: 22 24 51 64

Kontaktinformasjon

Rednings- og beredskapsavdelinga

Telefon: 22 24 53 21
Faks: 22 24 51 64

Adresse:

Akersgaten 42 (H-blokk)
Postboks 8005 Dep
0030 Oslo
Justis- og politidepartementet

Kontaktinformasjon

Rednings- og beredskapsavdelinga

Telefon: 22 24 53 21
Faks: 22 24 51 64

Adresse:

Akersgaten 42 (H-blokk)
Postboks 8005 Dep
0030 Oslo