Pressemelding, 08.10.2012

Nr.: 89/12

Statsbudsjettet 2013:

Regjeringa foreslår ein auke på 1 million kroner til Dissimilis kultur- og kompetansesenter

Dissimilis kultur- og kompetansesenter medverkar til å sikre menneske med lærevanskar eit tilrettelagt undervisningstilbod innan kunst og kultur. Med enkeltindividet i fokus, legg Dissimilis til rette for kulturelle fritidsaktivitetar innan dans, drama, band og kor. Dei arbeider breitt med alle musikksjangrar frå jazz til opera. Sidan 2005 har Dissimilis fått  auka løyvingane frå staten med 2,7 millionar kroner.

 

Med ein auke på 1 million kroner vil tilskotet til Dissimilis bli på 4 millionar kroner i  2013.