Pressemelding, 08.10.2012

Nr.: 32/2012

Budsjett 2013:

Regjeringa investerer i velferd og arbeid

Regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2013 er godt tilpassa ein økonomisk situasjon med stor internasjonal uro. - Ved å halde igjen på oljepengebruken tryggjar vi arbeidsplassane i konkurranseutsette bedrifter, seier finansminister Sigbjørn Johnsen. Innanfor disse rammene styrkjer Regjeringa velferda og legg til rette for framtidig verdiskaping og vekst.

God fart i norsk økonomi
Medan veksten hos handelspartnarane våre er beskjeden og utryggleiken stor, er norsk økonomi prega av markert oppgang. Norsk økonomi går inn i 2013 med mindre ledig kapasitet enn det såg ut til for eit halvt år sidan. Oppgangen er understøtta av høg oljepris og låg rente. Sysselsettinga har vakse raskare enn venta, og arbeidsløysa er låg. Kontrasten er stor til tilhøva for dei fleste av handelspartnarane våre. Kombinasjonen av store budsjettunderskot, høg arbeidsløyse og låg økonomisk vekst gjer situasjonen krevjande i mange land.

Regjeringa følgjer handlingsregelen for ei gradvis innfasing av oljeinntekter i norsk økonomi. Det bidreg til føreseielegheit og gjev handlingsrom til å møte uventa hendingar i framtida.

På denne bakgrunnen legg Regjeringa opp til eit om lag nøytralt budsjett for 2013, det vil seie at bruken av oljeinntekter veks om lag i takt med verdiskapinga i fastlandsøkonomien. Regjeringa sitt framlegg til budsjett gjev ein bruk av oljeinntekter på vel 125 milliardar kroner neste år. Det er 26 milliardar kroner under 4-prosentbanen og utgjer 3,3 prosent av berekna kapital i Statens pensjonsfond utland.

- No er det ikkje tid for å trakke på gasspedalen. Vi legg vekt på at budsjettet for 2013 ikkje må medverke til pressproblem i norsk økonomi. Det vil gje fare for at veksten i løner og bustads- og eigedomsprisar skyt ytterlegare fart og gjer det enda meir vanskeleg for konkurranseutsett sektor. Ved å halde orden i økonomien har vi lagt til rette for nye arbeidsplassar og halde arbeidsløysa låg. Sidan 2005 er det skapt om lag 340 000 nye arbeidsplassar, og to av tre har kome i privat sektor, seier finansministeren.

Rom for satsingar
I budsjettframlegget for 2013 prioriterer Regjeringa samferdsle, forsking, samfunnstryggleik og beredskap. - Vi betrar kvaliteten på fellesskapsløysingane ved å styrkje kommuneøkonomien og helse- og omsorgssektoren, seier finansministeren.

  • Regjeringa legg opp til ein reell vekst i inntektene til kommunesektoren på 6,8 milliardar kroner. Det utgjer 1,8 prosent. Av den samla veksten er 5 milliardar kroner auka frie inntekter.

  • Løyvingane til veg-, jernbane- og kystføremål under Nasjonal transportplan aukar med 3,4 milliardar kroner i 2013. Regjeringa overoppfyller planramma for 2010–2013 med 1,5 milliardar kroner.

  • Regjeringa foreslår at sjukehusa reelt skal få 1,95 milliardar kroner meir til drift. Det inneber vel 2 prosent fullfinansiert vekst til pasientbehandling. Regjeringa foreslår å styrkje dagtilbodet til demente med 100 millionar kroner, saman med 88 millionar kroner til 1750 heildøgns omsorgsplassar.

  • Regjeringa foreslår 1,4 milliardar kroner meir til forsking. Dette gjev ein berekna forskingsinnsats på 27 milliardar kroner og ein samla realvekst på 32 prosent under denne Regjeringa. Ein legg til rette for 3 250 fleire studieplasser og bygging av 1 000 nye studentbustader. Grunnopplæringa vert styrka med 483 millionar kroner.

  • Regjeringa strykjer samfunnstryggleiken og beredskapen vesentleg. Regjeringa vil leggje til rette for at nye redningshelikopter skal kunne leverast i perioden 2016-2020 og tek sikte på kontraktsinngåing i 2013. Regjeringa vil auke løyvingane til dagens redningshelikopter slik at ein kan oppretthalde beredskapen fram til nye redningshelikopter er på plass. Ein gjer òg framlegg om å auke løyvingane til IKT i politiet og til tilsettingar av nyutdanna polititenestemenn. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Justis- og beredskapsdepartementet vert styrka.

  • Regjeringa følgjer opp målet for bistand og foreslår ei løyving som svarar til 1 prosent av berekna bruttonasjonalinntekt. Det gjev ein auke av bistandsbudsjettet på 2,4 milliardar kroner.

  • Kulturløftet om at 1 prosent av utgiftene i statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014, er i rute. Løyvingane som inngår i løftet, aukar med 889 millionar kroner. Momskompensasjonen til frivilligheit aukar med vel 320 millionar kroner.

  • Regjeringa held fram innsatsen for å betre og fornye offentleg sektor. Med løyvingane til EDAG og Altinn på til saman 413 millionar kroner gjer vi kontakten med det offentlege enklare. Regjeringa foreslår 736 millionar til eit IKT-moderniseringsprosjekt i Arbeids- og velferdsetaten.

Betra skattesystem og reduserte gebyr
Regjeringa held skatteløftet, slik at skattenivået framleis er på 2004-nivå. Ein legg ikkje opp til større systemendringar i skatte- og avgiftsopplegget i år, men Regjeringa foreslår viktige betringar på einskilde område. Mellom anna dempar Regjeringa insentiva til å plassere pengar i eigedom ved å auke likingsverdiane av næringseigedom og sekundærbustad frå 40 til 50 prosent av berekna marknadsverdi.

Samstundes gjer Regjeringa framlegg om å auke botnfrådraget i formueskatten frå 750 000 kroner til 870 000 kroner. Dermed vil 50 000 færre betale formueskatt i 2013, og delen skattytarar som betaler formueskatt vert redusert til 16 prosent.

- Vi reduserer sektoravgifter og overprisa gebyr med om lag 565 millionar kroner, mellom anna tinglysingsgebyret. Samla har vi sidan 2007 redusert overprisa gebyr med 1,2 milliardar kroner, seier Sigbjørn Johnsen.

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo

Finansdepartementet

Andre relaterte dokument

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonseininga

Telefon: 22 24 44 11 / / Mobil(SMS): 911 42 059

Adresse:

Finansdepartementet
Kommunikasjonseininga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo


Besøksadresse:
Akersgata 40
Oslo