Regjeringskonferanse

Regjeringa møtest normalt to gonger i veka til regjeringskonferanse på Statsministerens kontor, til vanleg på måndag og torsdag. Som fyrste sak i regjeringskonferansen på torsdagar vert det halde førebuande statsråd.

Stoltenbergs andre regjering i regjeringskonferanse på Statsministerens kontor 17. oktober 2005Før regjeringskonferansane og etter statsråd møtest regjeringa til lunsj på Statsministerens kontor.

Her kan saker drøftast meir uformelt, ofte i forkant av eventuell regjeringshandsaming.

 

 

 

 

Kva saker vert handsama i regjeringskonferanse?
Alle viktige saker vert drøfta i regjeringskonferanse før dei formelle avgjerdene vert tekne anten i statsrådsmøte eller i rette departement. Dette sikrar at regjeringa står samla bak avgjerdene. Regjeringskonferansane er dermed den fremste møteplassen for ei regjering. Dei konklusjonane ein treff i regjeringskonferanse eller i samband med førebuande statsrådsmøte (sjå ovanfor) har ingen formell status, men er likevel politisk bindande for regjeringsmedlemene.

For å sikre at drøftingane i regjeringskonferansane gjeng føre seg på eit best mogleg grunnlag, må kvar sak presenterast i form av eit kort regjeringsnotat (r-notat) på 2-3 sider. Det er den statsråden som ynskjer å ta opp saka, som har ansvar for å presentere r-notatet. Alle statsrådar som saka gjeld skal ha hatt høve til å uttale seg skriftleg om saka før ho kan takast opp i regjeringskonferanse. På denne måten vil ein føre konferansen vite om saka er politisk omforeina eller ikkje. Slik sparar regjeringa tid, samstundes som alle statsrådar er orienterte.

Statsministeren og hans/hennar politiske medarbeidarar følgjer godt med i saker som vert førebudde for drøfting i regjeringskonferanse. Dette skjer ved at Statsministerens kontor skal ha kopi av alle framlegg til r-notat som statsrådane førelegg for kvarandre til uttale. På det viset kan statsministeren og Statsministerens kontor kome tidleg inn i prosessen. Statsministeren har aldri merknader i statsrådane sine r-notat, for ikkje å binde drøftingane i regjeringa og gje inntrykk av at konklusjonen er trekt på førehand. Men via den politiske staben sin kan statsministeren gjere det kjent for den ansvarlege statsråden kva som kan vera ein god konklusjon i saka, før ho vert lagt fram for regjeringa.

Norske regjeringar nyttar mykje tid på felles budsjettdrøftingar. Ramma for neste budsjettår vert lagt under budsjettkonferansen i mars, og endeleg profil på budsjettet vert lagt i månadsskiftet august/september før budsjettframlegget vert presentert for Stortinget først i oktober. Regjeringa drøfter òg eventuelle justeringar i budsjettet i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett,  seinast 15. mai.

Regjeringsdrøftingane er fortrulege, og det gjeld òg dagsorden, regjeringsnotat og protokollar. Regjeringsnotata vert forstått som statsrådens eigne dokument og er dermed ikkje å rekne som forvaltninga sine ordinære saksdokument. Høgsterett har slått fast at regjeringsnotat står i ein særstilling i relasjon til reglane om framlegging av bevis i rettssaker, og at tungtvegande omsyn taler for å verne dei fortrulege drøftingane i regjeringskonferansane. Ved regjeringsskifte vert regjeringskonferansedokumenta overførte til Riksarkivet med ei depoterklæring som regulerar tilgangen til innsyn.

Sekretær for regjeringskonferansane er regjeringsråden, den administrative sjefen for Statsministerens kontor.

Stoltenbergs andre regjering i regjeringskonferanse på Statsministerens kontor 17. oktober 2005.
Foto: SMK/Scanpix