Havressurs- og kystavdelinga

Avdelinga er ansvarleg for beredskap mot akutt forureining, sjøtryggleik og  forvaltning av dei levande marine ressursane. 

Avdelinga har også fagansvaret for fiskesalslaga og førstehandsomsetninga av fiske, økonomiske forhold i fiskeflåten og utfordringane knytte til strukturen i fangstleddet. Havressurs- og kystavdelinga har difor ansvaret for iverksetjing av ny hamne- og farvatnslov, gjennomføring av ny havressurslov og oppfølging av loslova, deltakarlova og råfisklova.

Den nasjonale forvaltninga av førebyggjande sjøtryggleik, medrekna trafikksentralar og slepebåtkapasitet, seglingsleier og utvikling av farleissystem og ein farleisnormal, fyr og merke og navigasjonsinfrastruktur og lostenesta høyrer til avdelinga. Det same gjer den nasjonale forvaltninga av deltakinga i og utøvinga av fisket og internasjonale spørsmål knytte til global og regional ressursforvaltning. 

Havressurs- og kystavdelinga er koordinerande avdeling for kyst- og havmiljøspørsmål, forvaltningsplanar, forholdet mellom fiskeria og petroleumsverksemda, FNs sjøfartsorganisasjon IMO og sjøtryggleik, oljevernberedskap og andre havmiljøspørsmål på Svalbard.

Ekspedisjonssjef - Ressurs- og havavdelinga

Ressurs- og havavdelinga

Kontaktinformasjon

Havressurs- og kystavdelinga

Telefon: 22 24 64 41/43
Faks: 22 24 95 85
Fiskeri- og kystdepartementet

Kontaktinformasjon

Havressurs- og kystavdelinga

Telefon: 22 24 64 41/43
Faks: 22 24 95 85