Røyste på valdagen

Stortingsvalet

Hugs at du MÅ har legitimasjon for å røyste.

Valdagen er 14. september 2009. I 205 kommunar opnar vallokala alt søndag 13. september. Sjå oversikt over kva for kommunar som har ein- eller todagars val.

På valdagen 14. september (og 13. september i kommunar der det er todagars val) må du røyste i den kommunen du er manntalsført. Du er manntalsført i den kommunen du er registrert som busett den 30. juni i valåret.

Kommunen kunngjer kvar vallokalet ditt er, og kor lenge det er ope. Merk likevel at du kan røyste i eit vallokale kvar som helst i kommunen, ikkje berre det som ligg i røystekrinsen din.

Du må ta med deg legitimasjon! Det er ikkje nødvendig med valkort, men det forenklar valfunksjonærane sitt arbeid dersom du tek det med, og det går raskere for deg å røyste.

Treng du rettleiing eller hjelp?

Treng du rettleiing eller hjelp i vallokalet, kan du vende deg til ein av valfunksjonærane.

Kommunane er i utgangspunktet pliktige til å leggje røystegivinga til lokale der alle veljarar kan komme seg inn på eiga hand. Skulle likevel eit vallokale ikkje vere tilgjengeleg for ein rørslehemma veljar, kan vedkommande få røyste rett utanfor vallokalet. To valfunksjonærar kjem i så fall ut, gir nødvendig hjelp og tek imot røystesetelen.

Har du flytt etter 30. juni 2009?

Dersom du har flytt etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytt frå, sjølv om du har meldt flytting. Du er manntalsført i den kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett den 30. juni 2009. 

Du har røysterett i og røystar til den kommunen der du er manntalsført. Dersom du ikkje har høve til å røyste der på valdagen, må du røyste på førehand i den kommunen du held til. Røystesetelen blir da sendt til din heimkommune.

Slik røystar du på valdagen

Det skal ikkje nyttast røystesetelkonvolutt på valdagen. I staden skal røystesetelen brettast og stemplast før den blir lagt i valurna.

Slik gjer du når du røystar til stortingsvalet:

 

1. Ta den røystesetelen du vil bruke. Illustrasjon 1
2. Gjer eventuelle endringar på røystesetelen (sjå rettliing).
Illustrasjon 2

3. Brett saman røystesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut! Då kan ingen sjå kva du har røysta. Det skal ikkje brukast konvolutt eller anna omslag fordi røystesetelen skal stemplast.

Illustrasjon 3

4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetelen. Røystesetelen må ha stempel for å bli godkjent.

Illustrasjon 4
5. Legg  sjølv den stempla røystesetelen i urna. Illustrasjon 5
Val
StortingsvalRøyste på valdagen