Pressemelding , 27.05.2010

Semje i det statlege lønnsoppgjeret

Det blei torsdag formiddag semje i meklinga i det statlege lønnsoppgjeret. Oppgjeret har ei ramme på om lag 3,3 prosent. - Oppgjeret inneber eit steg i riktig retning for likelønn, det har ein god låglønnsprofil og er eit oppgjer innanfor ei forsvarleg ramme, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

- For staten har det vore viktig å få til ei utjamning av lønna for menn og kvinner og ein god låglønnsprofil innanfor forsvarlege rammer.  I ei mekling må partane gi og ta for å komme i mål. Alle partar har strekt seg langt, og eg er glad for at vi kom i mål med eit anbefalt resultat, seier Aasrud.

Oppgjeret har ei innretning på alle lønnselementa i hovudtariffavtalen; generelle tillegg, sentrale justeringar og lokale forhandlingar, som i sum gir ein solid likelønnsprofil i det statlege lønnsoppgjeret. Det betyr at kvinnegruppene får om lag 200 millionar meir enn dei tradisjonelt ville ha motteke.

- Offentleg sektor må òg ta inn over seg den uroa som pregar verdsøkonomien. Industrien kom i mål med ei moderat ramme. Det har vore avgjerande for oss å få på plass eit likelønnsoppgjer i staten som tek omsyn til lønnsutviklinga i industrien og kva norsk økonomi kan tole. Det har vi fått til og det har vore viktig for oss, seier Rigmor Aasrud.

 

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Kommunikasjonssjef Frode Jacobsen

Telefon: 22 24 46 33
Mobil: 995 23 495
Faks: 22 24 27 10