Pressemelding, 21.11.2011

Sikrar permanent drift av Slettmeg.no

Slettmeg.no gir råd og rettleiing til menneske som opplever å bli krenkte og som ønskjer å få fjerna informasjon om seg sjølve på nettet. Slettehjelpstenesta har fram til i dag vore eit prøveprosjekt.   - No sikrar vi permanent drift av Slettmeg.no. Norsk senter for informasjonssikring (Norsis) tek over drifta, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

- Eg er veldig glad for at Norsis har teke på seg å drifte slettmeg.no. Slettmeg.no er ei viktig teneste for dei som har opplevd krenkingar på nettet. Dette gjeld ikkje minst dei unge. Ungdom er blant dei mest sårbare på nettet og har ofte ikkje økonomi og kompetanse til å løyse dette heilt aleine, seier Rigmor Aasrud.

Slettmeg.no har sidan hausten 2009 vore eit prosjekt under Datatilsynet. Norsis tek på seg ansvaret for å drive slettmeg.no på permanent basis innanfor sine budsjettrammer frå 1. januar 2012.

Overføring av drifta av slettmeg.no frå Datatilsynet til NorSIS skal skje på ein slik måte at brukarane  ikkje opplever brot i slettehjelpstenesta.

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Helge Kvandal

Telefon: 22 24 47 76
Mobil: 402 84 275
Faks: 22 24 27 10

Avdeling for IKT og fornying

Telefon: 22 24 03 01

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Kontaktinformasjon

Senior kommunikasjonsrådgiver Helge Kvandal

Telefon: 22 24 47 76
Mobil: 402 84 275
Faks: 22 24 27 10

Avdeling for IKT og fornying

Telefon: 22 24 03 01

Adresse:

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Postboks 8004 Dep.
0030 Oslo
Besøksadresse:
Akersgt. 59

cms03