Pressemelding, 16.11.2012

Nr.: 126 - 2012

Sju millionar til IKT i domstolane

Regjeringa foreslår at ubrukte midlar blir nytta til IKT i 2012. Det vil gjere at domstolane kan få på plass nytt utstyr allereie i år.

– Sju millionar ekstra til investeringar i IKT vil kunne bidra til betre og meir brukarvenleg sakshandsaming i domstolane, seier justisminister Grete Faremo.

I samband med innføring av datalagringsdirektivet vart det fastsett at domstolane skal behandle alle krav om utlevering av teletrafikkdata. Løyvinga vert i år auka med 7 millionar kroner til ei vaktordning ved Oslo tingrett. Innføring av datalagringsdirektivet er nå utsett til 2013. Regjeringa foreslår at sju millionar kroner blir nytta til IKT-formål i domstolane.

Justis- og beredskapsdepartementet

Tema

Andre relaterte dokument