Skattelovavdelinga (SL)

Avdelinga blir leidd av ekspedisjonssjef Thorbjørn Gjølstad. Ekspedisjonssjef Stig Sollund er nestleiar. Skattelovavdelinga har ansvaret for å utvikle og forvalte regelverket om skatt, avgifter og toll gjennom å førebu lovforslag for Stortinget, og sørgje for ein effektiv skatte- og avgiftsforvaltning. Avdelinga utformar, fortolkar og administrerer lovgivinga på områda: Alminneleg inntekts- og formuesskatt, petroleumsskatt, skatt på kraftføretak, folketrygdavgifter, eigedomsskatt, arveavgift, meirverdiavgift, toll, særavgifter, lovgivinga om innkrevjing av skattar og avgifter og folkeregistrering.

Noreg sin internasjonale økonomi føreset eit tett samarbeid med andre land og internasjonale organisasjonar. Avdelinga har også det koordinerande ansvaret for Finansdepartementets arbeid mot økonomisk kriminalitet.

Avdelinga varetek Finansdepartementets ansvar som overordna etatsstyrar for skatteetaten, toll- og avgiftsetaten og Statens innkrevjingssentral. Som etatsstyre har vi eit ansvar for at desse etatane realiserer politiske mål og intensjonar. Styringsdialogen er basert på prinsippa om rammestyring og resultatstyring. Avdelinga skal også yte til at etatane har ei organisering og styringsform som gir effektiv og riktig oppgåveløysing, samt har fokus på god måloppnåing.

Seksjon for administrasjon og etatstyring (AES)

Seksjonsleiar: Avd.dir. Johanne Slinning

Oppgåver:
Seksjonen har ansvaret for etatsstyring av skatteetaten, toll- og avgiftsetaten og Statens innkrevjingssentral som vedkjem drift, organisering, budsjett og resultatoppfølging. Vidare har AES ansvar for den interne administrasjonen av Skattelovavdelingen, medrekna budsjett og personalforvaltning, verksemdsplanlegging, organisasjonsutvikling, koordinering av Riksrevisjonssaker, intern informasjon, forkontor og andre fellestenester.

Person- og selskapsskatteseksjonen (PSS)

Seksjonsleiar: Avd.dir. Jon Tingvold

Oppgåver:
Seksjonen arbeider med det årlege skatteopplegget, lønnstakarskattlegginga, pensjonistskattlegginga, personinntekt og familieskattlegging, folketrygdavgiftene, og skattemessig regulering av pensjons- og forsikringsordningar. Vidare har seksjonen ansvaret for reglane om skattlegging av selskap og aksjonærar. I tillegg har seksjonen bl.a. ansvar for regelverket for arbeidsgivaravgift og Svalbardbeskatningen.

Nærings- og kapitalskatteseksjonen (NKS)

Seksjonsleiar: Avd.dir. Bjørn Berre

Oppgåver:
Seksjonen har ansvar både for den alminnelege næringsskattlegginga, og for skattereglar for særskilde næringar, slik som jordbruk, skogbruk, fiske, petroleumsverksemd, vasskraft, skipsfart og forsikringsverksemd. Seksjonen har også ansvaret for forholdet mellom rekneskap og skatt, reglane om skattefrie institusjonar og saker om skattefritak etter skattelova § 11-22. Vidare har seksjonen ansvar for dei alminnelege reglane for kapital og utbyteskatt, medrekna skattespørsmål knytte til valuta, obligasjonar, finansielle instrument og konserninterne overføringar, NKS har også ansvaret for formuesskatten, eigedomsskatten og arveavgifta.

Seksjon for skatteavtalar og utanlandssaker (SSU)

Seksjonsleiar: Eksp.sjef. Odd Hengsle

Oppgåver:
Seksjonen har ansvaret for Noreg sine skatteavtalar med andre statar, skattespørsmål i andre internasjonale avtaler, internasjonalt samarbeid om skattespørsmål og internasjonal utvikling på skatteområdet. Vidare arbeider SSU bl.a. med kredit (frådrag) for utanlandsk skatt, kjeldeskatt på utbetalingar til utlandet, inn- og utflytting av personar og skattlegging av personar med mellombels opphald i utlandet og i Noreg. Seksjonen har også ansvaret for reglane om skatteprivilegium for internasjonale organisasjonar, diplomatskattlegging, og internprisingsspørsmål i internasjonale forhold, bl.a. oppfølging av OECD sine retningslinjer. Seksjonen har vidare koordineringsansvar for EØS-saker.

Seksjon for skatteforvaltnings- og innkrevjingsreglar (SFI)

Seksjonsleiar: Avd.dir. Helle Harbou-Hals

Oppgåver:
Seksjon for skatteforvaltnings- og innkrevjingsreglar (SFI) har ansvar for forvaltnings- og innkrevjingsreglane på heile skatte- og avgiftsområdet, dvs. for skatt, trygdeavgift, arbeidsgivaravgift, meirverdiavgift, arveavgift, toll og særavgifter. Forvaltningsreglane omfattar bl.a. reglar om skatte- og avgiftsmyndigheitene, saksbehandlingsreglar, reglar om opplysningsplikt, kontroll og sanksjonar (straff, tilleggsskatt/-avgift med meir). Innkrevjingsreglane omfattar bl.a. reglar om betaling, forfall, renter, forelding, motrekning, tvangsfullføring, lemping og ansvarsavgjerder. Innkrevjingsreglane omfattar også regelverk for Statens Innkrevingssentral. I tillegg arbeider SFI med reglar om folkeregistrering. Seksjonen har også ansvar for koordinering av departementet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet.

Seksjonen for indirekte skatt (SIS)

Seksjonsleiar: Avd.dir. Elisabeth Berge

Oppgåver:
Seksjonen arbeider med førebuing og utarbeiding av lovforslag, avgiftsvedtak og forskrifter som vedkjem indirekte skatt (meirverdiavgift, toll og særavgifter). SIS har ansvaret for koordinering av juridisk/faglege spørsmål overfor Skatteetaten (meirverdiavgift) og Toll- og avgiftsetaten (toll og særavgifter). Vidare har seksjonen ansvar for EØS-saker og internasjonalt samarbeid på området indirekte skatt, og internasjonale avtaler innanfor tollområdet (medrekna frihandelsavtalar, tollsamarbeidsavtalar etc.).

Kontaktinformasjon

Skattelovavdelinga

Telefon: 22 24 43 31
Faks: 22 24 95 11

Adresse:

Finansdepartementet
Skattelovavdelinga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo

Finansdepartementet

Kontaktinformasjon

Skattelovavdelinga

Telefon: 22 24 43 31
Faks: 22 24 95 11

Adresse:

Finansdepartementet
Skattelovavdelinga
Postboks 8008 Dep
0030 Oslo